Slaget ved Cremona
Slaget ved Cremona | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
[[Fil:|300px]] | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Habsburgmonarkiet | Frankrike[1] | ||||||
Kommandantar | |||||||
Eugene av Savoie | Duc de Villeroi | ||||||
Tap | |||||||
Kring 500 | 1 000 døde |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Slaget ved Cremona var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen som fann stad 1. februar 1702 mellom Frankrike og Austerrike.
Fem månader etter å ha drive franskmennene attende i slaget ved Chieri (Chiari) i Lombardia, tok Eugene av Savoie attende offensiven, og flytta vestover med den austerrikske armeen til Leopold I av Det tysk-romerske riket til Cremona ved Po. Den 1. februar 1702 gjekk Eugene til åtak om natta og kom heilt overraskande på den franske garnisonen under marskalk François de Neufville, Duc de Velleroi.
Planen var ei infiltrering i commando-stil leia av Eugene av Savoie sjølv, og ein større styrke under Charles Thomas de Lorraine-Vaudemont, som tok porten ved Po.
Eugene av Savoie storma byen og tok Duc de Villeroi til fange. Austerrikarane tok òg andre høgståande fransk offiserar, og 1 000 franske soldatar mista livet i åtaket, mange av dei medan dei søv.
Planen vart derimot ikkje like suksessrik som planlagt, sidan styrken under Vaudemont vart forseinka av det vanskelege terrenget og kom fram seinare enn planlagt. Dei var for seine til å overraske citadellen i Cremona, og ei vitkig bru vart sprengt i stykke av forsvararane. Citadellen heldt så ut på grunn av tapper forsvar ved Po-porten av ein irsk brigade. Ein fransk arme kom til støtte til Cremona og Eugene måtte trekkje seg attende.
Villeroi vart etterfølgd av Vendôme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the house of Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, p. 250, "...the standard of Frankrike was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis.
- Denne artikkelen bygger på «Battle of Cremona» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Eggenberger, David. A Dictionary of Battles (New York: Thomas Y. Crowell, 1967), p. 110