Hopp til innhald

Skulemål i Nord-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skulemål i Nord-Noreg tek for seg bruken av nynorsk i skulekrinsar i Nord-Noreg. I Nordland tok dei fyrste krinsane på Helgeland målet allereie i år 1900, medan Troms fekk nokre einskilde nynorskkrinsar frå 1910 og nokre fleire i 1920, men så seint som i 1938 var det berre ei handfull nynorske skulekrinsar. Dette året endra det seg, og målet vann innpass i meir eller mindre 200 krinsar i kvar av fylka. Kring andre verdskrigen hadde nær helvta or elevane i Troms og mesta ein tredel i Nordland nynorsk som skulemål, medan målet ikkje fekk noko innpass i Finnmark. Attergangen kom like snøgt etter krigen og målet var ute or dei fleste kommunane kring 1965.

Nordnorske målføre reknast til vestnorsk og omfattar måla i Nordland, Troms og Finnmark, unnateke søre delen av Bindal som har trøndersk og målet hjå innfyttarane i Indre Troms (Bardu og Målselv) som har mål frå Nord-Østerdalen. Ein skil elles mellom helgelandsmålHelgeland og nordlandsmål i nordlege Nordland, medan måla i Troms og Finnmark vert rekna til nordleg nordnorsk.

På 1960-talet vart kommunestrukturen i heile landet kraftig endra, i Nord-Noreg førte det med seg at mange mindre herad vart slegne saman til større einingar. I Nordland vart sidan Moskenes delt att i Flakstad og Moskenes i 1976 og Sømna skild ut frå Brønnøy i 1977, medan i Troms vart Salangen delt att i Lavangen og Salangen i 1977. I åra sidan er endringane i Nordland at Ankenes vart slegen saman med Narvik i 1974 og Skjerstad med Bodø i 2005, i Troms at Bjarkøy vart innlemma i Harstad i 2013, medan i Finnmark vart Sørøysund slegen saman med Hammerfest i 1992.

Kommunetal i Nord-Noreg
Fylke 1960 1970 2013
Nordland 69 44 44
Troms 35 24 24
Finnmark 23 20 19
Nord-Noreg 127 88 87
Nynorsk skulemål i Nordland
1945 1965
1975 2011

I Nordland tok dei fyrste skulekrinsane nynorsk i 1900, då alle krinsane i Drevja, Grane, Hattfjelldal og Vefsn, herad på søre Helgeland, tok målet. Etter ei av dei beste byrjingane for målet i eit fylke, vart det meir eller mindre stillstand dei komande fire tiåra. Unnataka var tre krinsar i Leirfjord i 1908 og ein i Andenes i 1909, fire i Velfjord og ein i Meløy i 1912, tre i Nesna, alle tre i Valberg i 1919 og ein i Bjørnskinn i 1920. Såleis hadde berre 9% av krinsane med 6 % av elevane teke målet dette året. Seinare fekk Ankenes sin fyrste nynorskkrins i 1922, Nesna to til innan 1925, Gimsøy ein til i 1929 og Velfjord ein meir innan 1935. Såleis hadde framleis berre 9% av krinsane med 7 % av elevane nynorsk dette året.

Dette betra seg monaleg i åra 1938-40, då meir enn 150 krinsar i 26 herad innførte målet. Såleis hadde drygt tredelen (35 %) av krinsane og 30% av elevane i landsfolkeskulen, 28 % medrekna byane, nynorsk i 1945. Same året som ein ny krins i Nesna byta til nynorsk og i 1946 vart Korgen siste heradet der målet fekk innpass. Målet stod sterkast på Helgeland, monaleg sterkt i Vesterålen og Lofoten, medan det var svakare i Salten og Ofoten, og ikkje fekk innpass i byane i Nordland. I tolv herad var nynorsken einerådande, 29 var delt mellom måla, medan bokmålet var einerådande i 28 herad og byar.

krigen var over hadde attergangen så smått byrja og skaut fart det komande tiåret. Allereie i 1940 vart Dverberg fyrste heradet som kasta målet ut or dei to krinsane nynorsken hadde halde sidan 1919. Naboheradet Andenes fylgde saman med Øksnes i 1946, Gildeskål i 1947, Kjerringøy i 1948, Vevelstad i 1949 og Tjeldsund i 1950, i tillegg til einskilde krinsar i andre herad. Dette var berre byrjinga, i 1955 var såleis nynorskdelen minka til 13%, i 1965 heilt nede i 2,7 %. Berre i dei fire kommunane Grane, Hattfjelldal, Leirfjord og Vefsn på Helgeland held målet seg monaleg, i tillegg til ein einskild krins i Vestvågøy. I 1975 var målet berre att i Hattfjelldal, Vefsn og Vestvågøy, med til saman 0,5% av elevane i fylket. I Hattfjelldal vart 1992 siste året med nynorsk, medan det stod seg til 1983 i Vestvågøy og 2010 i Vefsn, såleis at frå 2011 var det ikkje nynorskelevar i heile fylket.

Sidan 1965 har det vore til saman 19 målrøystingar i Nordland: Grane (2), Hattfjelldal (7), Leirfjord (3), Vefsn (6) og Vestvågøy (1), og av dei har nynorsken vunne berre 4. Den seinaste målrøystingen var i Valberg i Vestvågøy i 1983 og gav monaleg fleirtal for bokmålet.

Nynorsk skulemål i Troms
1945 1965
1995 2012

Troms vart nest føre Buskerud det fylket i landet der nynorsken fekk seinast innpass. Dei fyrste tre krinsane som fekk målet i 1908 låg i Bardu, og heller ikkje dei komande tre tiåra tok mange nye krinsar målet. Unnataka var i Sandtorg og Sørreisa i 1920, i sistnemnde alle krinsane i heradet, såleis at berre 4% av krinsane med 3% av elevane hadde nynorsk i Troms. Dei neste kom i Torsken i 1923, Hillesøy og Lenvik i 1930, men seinast i 1935 var det framleis berre 4% nynorskkrinsar og -elevar i fylket.

Likeeins som i nabofylket mot sør, vart stoda mykje betra i åra 1938-40, då meir enn 160 krinsar tok målet. Dette året hadde nær helvta (49%) av krinsane med 48% av elevane i landsfolkeskulen, 43% medrekna byane, teke nynorsk. Målet stod då sterkast i Midt-Troms og på Senja, noko svakare i dei sørlegaste kommunane, medan det ikkje fekk særleg innpass i dei nordlegaste kommunane og ikkje i det heile i byane. I sju kommunar var nynorsken einerådande, 15 var delt mellom måla, medan bokmålet var framleis einerådande i 13 kommunar.

Attergangen for nynorsken i Troms byrja i røynda føre krigen, i 1939 var målet ute or dei tre krinsane i Bardu med nynorsk sidan 1908. I Kvænangen og Andørja vart soga for målet mykje stuttare, berre få år etter innføringa i einskilde krinsar i 1939, vart det teke ut at i 1944 og 1945. Det fyrste kraftige atterslaget kom i 1947, då mellom anna dei sju krinsane i Målselv og meir enn helvta av krinsane i Ullsfjord vende attende til bokmålet. Allereie i 1950 var delen nynorskelevar minka til 33% og i 1965 var det berre tre krinsar i Tromsø med 0,5% av elevane att i heile fylket. I 1967 fall òg desse krinsane og det var ikkje lenger nynorskelevar i fylket.

Frå 1980-talet fekk målet ein renessanse i Troms, då vart det skipa til nynorskklasser i Balsfjord, Målselv og Tromsø, såleis at i 1995 var nynorskdelen i fylket igjen over 1%. I Tromsø var målet ute att i år 2000, i Balsfjord i 2010, medan det framleis er tilstades i Målselv. I 2012 er det att ein nynorskgruppe på Olsborg skole, som såleis er dei einaste i Nord-Noreg i det heile.

Sidan 1965 har det berre vore 2 målrøystingar i Troms, båe var i Tromsø i 1967 og gav monaleg fleirtal for bokmålet.

Nynorsken fekk aldri innpass i Finnmark. Det har rett nok vore einskilde elevar med nynorsk som skulemål i nokre skular, men aldri nok til ei eiga gruppe. Det er ikkje kjend å ha vore ei einaste målrøysting om nynorsk i dette fylket.

Sidan 1998 finst det tal på skuleelevar med samisk som opplæringsmål for kvart fylke. Utanom Nord-Noreg er det berre nokre få elevar med samisk, hovudsakleg i Hedmark, Sør- og Nord-Trøndelag. I Nordland har det i desse åra vore mellom 20 og 40 elevar med samisk, noko som utgjer 0,1% av skuleelevane. I Troms har elevtala lege mellom 40 og 80, eller 0,3% av totalen. Finnmark er fylket med dei høgaste samisktala, dei har lege mellom 800 og 900, noko som utgjer 8-9% av skuleelevane. For alle tre fylka har det vore svak minkande elevtal, slik at det i 2011 var til saman 855 samiskelevar i Noreg, ned frå 991 i 2006 og 1057 i 2002, det året med det høgaste talet.

Samanfatning

[endre | endre wikiteksten]

Nord-Noreg var den seinaste landsdelen i Noreg der målet fekk innpass, ein kan òg seie at nynorsken kom seint og gjekk tidleg ut att. Rett nok vart det verande i 110 år i Nordland, frå 1900 til 2010, i Vefsn på søre Helgeland, og i 56 år i Troms, frå 1910 til 1966 (ikkje same heradet). Rett nok med ein kortvarig atterkomst på 1990-talet. Men hovuddelen av herada som tok målet finn ein i åra frå 1939 til sluten av 1950-talet, ei periode på berre kring tjue år.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]