Siljan kommune
Siljan kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Siljan | ||
Areal | 213,96 km² | ||
• land | 202,79 km² | ||
• vatn | 11,17 km² | ||
Folketal | 2 382 (1. januar 2024) | ||
Målform | Nøytral | ||
Ordførar | Elisabeth Hammer (KrF) | ||
Kommunenr. | 4010 | ||
Siljan kommune 59°17′51″N 9°42′23″E / 59.2975°N 9.706389°E | |||
Kart som viser Siljan kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Siljan | |||
Nettstad: https://www.siljan.kommune.no/ |
Siljan er ein kommune aust i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord til Kongsberg, i aust mot Larvik, i sør mot Porsgrunn og i vest mot Skien.
Namnet «Siljan» skal vera knytt til trenamnet selje. Kommunevåpenet viser tre opprette sagblad i sølv mot ein grøn bakgrunn, og står for dei tradisjonelle næringsvegane sagbruk og tømmerfløting.
Kommunen har rundt 2 400 innbyggjarar, rudnt 900 av dei bur i administrasjonssenteret Siljan. Meir enn halvparten av arbeidstakarane i Siljan arbeider i nabokommunane Skien, Porsgrunn og Larvik.
Høgaste punkt i kommunen er Rådmannen, som måler 646 moh. Størsteparten av Siljanvassdraget med utløp i Farris ligg i Siljan. Vassdraget er bygd ut med tre vasskraftverk.
Det blir også drive jordbruk og skogbruk her. Konsernet Treschow-Fritzøe eig det meste av skogen.
Fylkesveg 32 mellom Eidanger og Lågendalen er ein del av vegsambandet mellom Skien og Oslo, og går gjennom sentrum av kommunen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Om Siljan Arkivert 2014-03-02 ved Wayback Machine., siljan.kommune.no
- Siljan: i Telemark (19. mai 2012), Store norske leksikon. Henta 12. februar 2014.
- Siljan Kommune Arkivert 2013-12-08 ved Wayback Machine., telemarkfylke.no