Hopp til innhald

Shanghai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shànghǎi
上海
by
Panorama av Pudong.
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Huadong, direct-administered municipality
Høgd m
Areal 6 341 km²
Folketal 24 870 895 (2020)[1]
Tidssone UTC +8
Postnummer 200000–202100
Retningsnummer 21
Kart
Shanghai
31°10′00″N 121°28′00″E / 31.166666666667°N 121.46666666667°E / 31.166666666667; 121.46666666667
Wikimedia Commons: Shanghai

Shanghai (forenkla kinesisk 上海, pinyin Shànghǎi) er ein storby og hamneby ved austkysten av Kina. Med eit folketal på 24,2 millionar i 2018 er han det folkerikaste byområdet i Kina og etter nokre utrekningar den andre folkerikaste byen i verda. Hamna er den travlaste containerhamna i verda. Shanghai er elles eit globalt senter for finans, teknologi og transport.[2]

Byen ligg ved det sørlege estuaret av Yangtze, medan Huangpu renn gjennom han. Han var opphavleg ein fiskelandsby og marknadsstad, men fekk auka tyding på 1800-talet. Han var ein av fem traktathamner i Kina som blei opne for handel med utlandet etter den første opiumskrigen.

Shanghai er ein byprovins, ein «regjeringsumiddelbar by», dvs. som er direkte understilt sentralregjeringa i Kina og har same status som ein provins.

Bydelen Pudong er det finansielle senteret i Shanghai.

Dei to kinesiske skriftteikna for bynamnet «Shanghai» betyr 'på' og 'hav'. Første gongen ein kjem over dette namnet er under Song-dynastiet, då «Shanghai» var namnet både på staden der to elvar flaut saman og ein liten by på denne staden. Det er omstridd korleis namnet skal tolkast, men kinesiske historikarar har kome fram til at staden låg under havnivået under Tang-dynastiet, slik at det bokstaveleg var 'på havet'.[3]

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Shanghai er delt inn i 19 einingar på fylkesnivå: 18 distrikt og eitt fylke.

Ni av distrikta dekkjer «Puxi», som er dei eldre delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på vestbreidda av elva Huangpu:

«Pudong», eller dei nyare delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på austbreidda av Huangpu, er eit eige distrikt med namnet Pudong. Før 1992 heitte det Chuansha fylke.

Åtte distrikt dekkjer forstader, satellittbyar og landlege område lengre vekk frå bykjerna:

Chongming-øya, ved osen av Yangtzeelva, er styrt av Chongming fylke (Chóngmíng Xiàn).

Styresmakter

[endre | endre wikiteksten]

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Li Qiang (2020).

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.stats.gov.cn/english/PressRelease/202105/t20210510_1817188.html.
  2. «上海简介» (på kinesisk). 国务院新闻办公室. 4. desember 2009. Henta 4. september 2019. 
  3. Danielson, Eric N., Shanghai and the Yangzi Delta, 2004, s. 8–9.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Shanghai
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.