Samisk punktskrift
Utsjånad
Samisk punktskrift er punktskrift tilpassa dei samiske alfabeta. Ho vart laga av Otto Prytz på starten av 1980-talet og godkjend av Samisk språknemnd i 1994.
Aa | Áá | Bb | Cc | Čč | Dd | Đđ | Ee | Ff | Gg | Hh | Ii | Jj | Kk | Ll |
⠁ | ⠷ | ⠃ | ⠉ | ⠩ | ⠙ | ⠹ | ⠑ | ⠋ | ⠛ | ⠓ | ⠊ | ⠚ | ⠅ | ⠇ |
Mm | Nn | Ŋŋ | Oo | Pp | Rr | Ss | Šš | Tt | Ŧŧ | Uu | Vv | Zz | Žž | Ïï |
⠍ | ⠝ | ⠫ | ⠕ | ⠏ | ⠗ | ⠎ | ⠱ | ⠞ | ⠳ | ⠥ | ⠧ | ⠵ | ⠮ | ⠌ |
Tabellen ovafor[1] er, med unntak for den siste bokstaven, bokstavane for nordsamisk. Sørsamisk bruker det norske alfabetet pluss bokstaven ï. med punktteikn "⠌"[2]. Lulesamisk bruker det norske alfabetet pluss bokstavane á og ŋ, med punktteikn som for nordsamisk i tabellen over.
Det er usikkert om den same tabellen er i bruk på svensk side. For skoltesamisk og enaresamisk vil det i alle tilfelle vere bruk for å representere fleire bokstavar.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tabellen er henta frå Statped 2020: Samisk punktskrift Arkivert 2020-10-23 ved Wayback Machine.
- ↑ «Samisk punktskrift», www.statped.no (på norsk bokmål), henta 18. april 2023