Hopp til innhald

Samfunnspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om om det eksisterande partiet Samfunnspartiet. For partiet med same namn frå 1930-talet, sjå Samfundspartiet.
Samfunnspartiet
LandNoreg
Grunnlagt1985
HovudkvarterOslo
Ideologianarkisme, regionalisme Sjå dette på Wikidata

Samfunnspartiet er namn på eit mindre politisk parti i Noreg. Partiet vart grunnlagt i 1985 av Øystein Meyer Johannessen. Det er registrert i Partiregisteret.[1]

Partiet har skildra seg sjølv som anarkistisk og bygd på bodskapen om nestekjærleik frå Det Nye Testamentet og humanistisk respekt for menneskeverdet.[treng kjelde]

Partiet har mellom anna hatt kjendisadvokaten Tor Erling Staff som kandidat. I 1995 stilte kunstnaren Ludvig Eikaas til val som ordførarkandidat for partiet i Oslo. Andre partinominasjonar skal ha blitt gjort utan at dei nominerte visste om det; mellom anna blei biskop Øystein I. Larsen, tidlegare medlemmer av Kystpartiet og redaktørar i fleire aviser nominert til valet i Nordland i 2005 mot sin vilje.

Johannesen og Samfunnspartiet har i samband med særleg stortingsval nytta utradisjonelle metodar for å få merksemd. Særleg i 2005 fekk partiet stor merksemd etter at det vart parkert ein imitert bombebil med krigstrugsmål skrivne med arabisk skrift på sidene. Under stortingsvalet same året fekk partiet desidert minst oppslutnad, med til saman 42 stemmer på landsplan.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]