Hopp til innhald

Rockin' All Over the World av Status Quo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rockin' All Over The World
Studioalbum av Status Quo
Språk engelsk
Utgjeve November 1977
Innspelt Studio Bohus i Sverige
Sjanger Hardrock
Lengd 45:19
Selskap Vertigo (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Pip Williams
Status Quo-kronologi 
Live!
(1977)
Rockin' All Over The World If You Can't Stand the Heat...
(1978)


Singlar frå Rockin' All Over the World
  1. «Rockin' All Over the World»
    Utgjeve: 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars lenkje
Robert ChristgauB+ lenkje

Rockin' All Over the World er det tiande studioalbumet det britiske bandet Status Quo. Det var det første albumet deira som vart produsert av Pip Williams og det første med Andy Bown som fast bidragsytar til bandet. Han vart seinare offisielt medlem i 1982. Albumet kom ut i november 1977 og nådde femteplassen på den britiske albumlista.[1]

Både gitaristen og songaren Francis Rossi og bassisten Alan Lancaster mislikte produksjonen på albumet, som vart glattare og meir poporientert enn tidlegare, medan gitaristen Rick Parfitt likte det.[2]

Tittelsporet, som vart skriven og først spelt inn av John Fogerty, kom ut på singel i september 1977 og nådde tredjeplassen i Storbritannia.[3] B-sida var «Ring of a Change» frå det førre albumet deira. Det vart ikkje gjeve ut andre singlar frå albumet, men «Can't Give You More» vart spelt inn på ny i 1991 for albumet Rock 'Til You Drop og gjeven ut som singel då, med ein 37. plass på singellista.

Albumet kom ut på Mercury i 2005 med eitt bonusspor: ein versjon av Beatles sin «Getting Better», som først vart spelt inn i 1976 for filmen All This and World War II. Dette sporet vart derimot ikkje med på luksusutgåva av albumet som kom seint i 2015. For denne utgåva vart heile albumet miksa på ny og omorganisert av den orginale lydteknikaren John Eden.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hard Time»Francis Rossi, Rick Parfitt4:45
2.«Can't Give You More»Rossi, Bob Young4:15
3.«Let's Ride»Alan Lancaster3:03
4.«Baby Boy»Rossi, Young3:12
5.«You Don't Own Me»Lancaster, Mick Green3:03
6.«Rockers Rollin'»Parfitt, Jackie Lynton4:19
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Rockin' All Over the World»John Fogerty3:36
8.«Who Am I»Pip Williams, Peter Hutchins4:30
9.«Too Far Gone»Lancaster3:08
10.«For You»Parfitt3:01
11.«Dirty Water»Rossi, Young3:51
12.«Hold You Back»Rossi, Parfitt, Young4:30
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Getting Better»Lennon/McCartney2:19
Disk 2 av luksusutgåva frå 2015: John Eden Remix
Nr.TittelLengd
1.«Hold You Back»5:10
2.«Baby Boy»3:18
3.«Rockers Rollin'»4:41
4.«Who am I?»5:10
5.«Rockin' All Over the World»3:50
6.«Dirty Water»4:16
7.«Can't Give You More»5:26
8.«Let's Ride»3:04
9.«For You»3:08
10.«Too Far Gone»3:09
11.«You Don't Own Me»3:29
12.«Hard Time»4:39
13.«Dirty Water (1st Demo 1976)»4:16
14.«Baby Boy (1st Demo 1976)»2:49
15.«Hard Time (1st Demo 1976)»4:47
16.«Hold You Back (Studio Demo 1977)»3:40

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Andre medverkande
  1. «Official albums Chart results matching: Rockin' all over the World». officialcharts.com. Official Charts Company. Henta 4. oktober 2018. 
  2. Ling, Dave (January 2002). «Again again again…». Classic Rock #36: 72. 
  3. «Official singles Chart results matching: Rockin' all over the World». officialcharts.com. Official Charts Company. Henta 4. oktober 2018.