Rock Me av Steppenwolf
Rock Me Singel av Steppenwolf frå albumet At Your Birthday Party | ||
B-side |
Jupiter's Child | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. februar 1969[1] | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:45 | |
Selskap | ABC | |
Låtskrivar(ar) | John Kay[2] | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Steppenwolf-kronologi | ||
«Magic Carpet Ride» (1968) |
Rock Me | «It's Never Too Late» (1969)
|
«Rock Me» er ein song av det kanadisk-amerikanske hardrockbandet Steppenwolf. Han vart gitt ut i 1969 på albumet deira At Your Birthday Party. Songen vart skriven av vokalisten i bandet John Kay, og var den femte amerikanske singelutgivinga deira. Låten vart produsert av Gabriel Mekler og gitt ut som singel i 1969, opphavleg som B-sida til «Jupiter's Child», men sidene vart seinare bytt om.[3] Han nådde topp 10 på Hot 100 den 19. april 1969[4] og 6. plassen på både WLS[5] og WCFL.[6] Han var både Billboard[7] og Cashbox[8] sin toppdebut i veka 1. mars 1969. Songen blir rekna som høgdepunktet på albumet,[9][10] sjølv om han vart nytta i ein film i god tid før albumet kom ut.[11] Låten følgde i kjølvatnet av dei to hittane til bandet frå 1968,[12] «Born to Be Wild» som nådde andreplassen og «Magic Carpet Ride» som nådde tredjeplassen. Cash Box rosa spesielt den «pulveriserande vokalprestasjonen».[3]
Dave Grusin brukte songen då han laga musikken til den psykedelisk sexfarse-filmen Candy frå 1968, der han er kulminasjonen på soundtracket.[13] Steppenwolf framførte låten i ein episode av The Smothers Brothers Comedy Hour den 5. januar 1969 og på den tyske Beat-Club.[14] Låten dukka seinare opp på livealbumet Live at 25 gitt ut i 1995 og Live in Louisville gitt ut i 2004, og dessutan på alle samlealbuma deira.
Way Back Attack rangerer den som nummer 31 på lista si over dei 100 beste psykedeliske hitene frå 1966-1969.[15]
I boka Die at the Right Time! A Subjective Cultural History of the American Sixties, noterte Erik v. d. Luft det overraskande temaet frå det reint mannlege bandet, fronta av John Kay si barske stemme som «klaga over at ei kvinne vart objektifisert for sex.»[9]
Cash Box skildra den opphavlege A-sida, «Jupiter's Child», som «stålhard utelukkande på grunnlag av den særeigne solovokalen og ulmande instrumenteringa» trass i eit relativt lågt tempo.[16]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rock Me (Steppenwolf song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Steppenwolf-singlar».
- ↑ «BMI | Repertoire Search». repertoire.bmi.com.
- ↑ 3,0 3,1 «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 22. februar 1969. s. 24. Henta 2. juli 2023.
- ↑ 4,0 4,1 {«Steppenwolf Rock Me Chart History». Billboard.
- ↑ {«WLS89 Hit Parade». WLS. 7. april 1969. Henta 11. juni 2020.
- ↑ {«1000 WCFL-AM Sound 10 Survey-Chicago». WCFL. 9. juni 1969. Henta 11. juni 2020.
- ↑ Hot 100, 1. mars 1969
- ↑ {«Cash Box Top Singles - 1969». www.tropicalglen.com.
- ↑ 9,0 9,1 Luft, Eric v d (21. september 2009). Die at the Right Time! A Subjective Cultural History of the American Sixties. Gegensatz Press. ISBN 9781933237398 – via Google Books.
- ↑ {«Rebel with a cause» (PDF). steppenwolf.com. Henta 9. desember 2019.
- ↑ «1960's». steppenwolf.com.
- ↑ {«Look Back: Radio Hits April 1969 - Best Classic Bands». 12. august 2015.
- ↑ {«Candy [Original Soundtrack] - Steppenwolf - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic.
- ↑ «rock-me-live - steppenwolf - Music - 101.9 Jack FM - Playing What We Want - Fargo ND, Moorhead MN». 101. 9 Jack FM. Midwest Communications.
- ↑ «Way Back Attack - Top 100 Psychedelic Hits 1966-1969». www.waybackattack.com.
- ↑ «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 15. februar 1969. s. 20. Henta 2. juli 2023.
- ↑ Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Image : RPM Weekly». Library and Archives Canada.
- ↑ «Top 100 Singles of 1969 in Canada». Canadian Music Blog. 14. februar 2016.
- ↑ «Cash Box YE Pop Singles - 1969». www.tropicalglen.com.