Peder Jacobsen Bøgvald
Utsjånad
Peder Jacobsen Bøgvald | |||
Fødd | 1762 Kvinesdal | ||
---|---|---|---|
Død | 16. november 1829 (67 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | Gardbrukar og skipsreiar | ||
Verv | Stortingsrepresentant til Stortinget i 1814 og 1815 | ||
Alle verv |
|
Peder Jacobsen Bøgvald (1762–16. november 1829) var ein norsk skipsreiar, gardbrukar og sagbrukeigar. Han var stortingsrepresentant til omframstortinget i 1814 kor han representerte Lister amt saman med Teis Lundegaard. Bøgvald vart òg vald inn på Stortinget for perioden 1815-1817.
Bøgvald var son av ein gardbrukar på Sande i Fedde. Han fór tidleg til sjøs, fyrst som sjømann, seinare skipsførar og på eit seinare tidspunkt skipsreiar. Han var i langfart; reiste mellom Vestindia og Middelhavet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Peder Jacobsen Bøgvald NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania, 1914, B. 1 D. 1 : Biografier A-K, side 157 digital utgåve