Ole Johs. Brunæs
Ole Johs. Brunæs | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. februar 1936 Göteborg |
Død |
24. februar 2019 (83 år) |
Yrke | politikar, ingeniør, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Ole Johannes Brunæs (fødd 4. februar 1936 på Brunæs, død 24. februar 2019 i Sandefjord) var ein norsk industrileiar og politikar. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold og for partiet Høgre tida 1989 til 2001.
Brunæs voks opp i Oslo, då far hans var president i Norges Industriforbund. Han gjekk ut av befalsskulen i 1957 og utdanna seg deretter til sivilingeniør i skipsmaskinteknikk ved Noregs tekniske høgskole (NTH) i Trondheim. Etter eit par år ved Nakskov Skibsværft i Danmark fekk han ei konstruktør-stilling ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord. Frå 1973 var han teknisk direktør i firmaet. I 1986 gjekk Brunæs over til å vere administrerande direktør i eigarselskapet Framnæs Industriutvikling. Deretter var han 1988-89 øvste sjef i ingeniørfirmaet Keftech i Tønsberg. Han var elles ei tid formann i Norske sivilingeniørers forening.
Brunæs engasjerte seg politisk i Høgre og var perioden 1980-83 bystyremedlem i Sandefjord. Hausten 1989 vart han vald inn på Vestfold-benken i Stortinget, og sidan attvald to gongar. Han var då medlem i Sosialkomitéen til 1993, sidan i åtte år i Samferdslekomitéen, 1993–2001. I si tredje stortingsperiode var Brunæs sjukmeld i tre år fram til desember 2000, Ellen Gjerpe Hansen møtte då i staden.