Narve Skarpmoen
Narve Skarpmoen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1868 Rollag kommune |
Død |
28. august 1930 (61 år) |
Yrke | fotograf |
Narve Skarpmoen på Commons |
Narve Skarpmoen (24. desember 1868–28. august 1930[1][2]) var ein norsk fotograf som verka i Kristiania på slutten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet.[3]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Skarpmoen var fødd i Rollag kommune.[4] Han flytta til Kristiania og byrja i lære hos fotograf Egeberg.[5] Han starta si eiga forretning i Karl den XIIs gate 6 på Vaterland, og i 1896 flytta han verksemda til Dronningens gate 36.[6]
Skarpmoen spesialiserte seg som presse- og friluftsfotograf. Tidleg på 1900-talet fekk fotografi etter kvart plass i avisene. Skarpmoen var ein pioner på dette området og var ein av dei fyrste fotografane som fekk publisert eit dagsaktuelt nyhendebilete i ei norsk avis. Biletet vart publisert i Aftenposten 16. september 1903. Allereie frå 1902 hadde Skarpmoen levert dagsaktuelle fotografi fra Noreg til det svenske vekemagasinet Hvar 8 dag. Skarpmoen heldt fram med å fotografere aktuelle hendingar for aviser og tidsskrift gjennom heile resten av karrieren.[7] Skarpmoen doumenterte fattigdomen i Kristiania rundt 1910 gjennom ein biletserie. Bileta er direkte, og viser at fotografen har sympati for menneske som levde under uverdige tilhøve.[8] Han var interessert i idrett og gav rabatt til idrettsutøvarar som ville late seg fotografere.
Han hadde mange tillitsverv i fotograforganisasjonane, mellom anna var han styremedlem i Norske fotografers landsforening og formann i Oslo fotografforening.[9][10]
Skarpmoen var aktiv i folkemusikkmiljøet i Kristiania rundt år 1900. Han var formann i Den nationale forening frå starten i 1894 og i 9 år. Foreininga gjekk inn i 1906. Her møttest mange av spelemennene og dansarane i Kristiania. Skarpmoen spela sjølv hardingfele og i folketeljinga frå 1891 er han registrert med «Violinspil for egen regning» som yrke.[11] Medan han var fotograflærling opptredde han som «Hardangerspillemanden Narve Skarpmoen» på den populære underhaldningsstaden Bazarhallen på Youngstorget.[7] Han var primus motor for landskappleikane som vart arrangerte i Kristiania i 1903 og 1904. 1903–1904 vart det gjort opptak av hardingfeleslåttar spela av spelemennene Torstein Odden (1869–1959), Halvor O. Kravik (1859–1925) og Steinar Gladheim (1883–1919) frå Numedal og Anders G. Stubberud (1885–1960) frå Sigdal. Desse opptaka er til no (2020) dei eldste opptaka ein kjenner til av hardingfelespel. På opptaka blir slåttane annonserte, og ein kan høyre oppmuntrande tilrop til spelet av ein som snakkar numedalsmål. Det er Narve Skarpmoen som har gjort opptaka, og det er han som snakkar.[12] Opptaka vart innførte i registeret Noregs dokumentarv 4. desember 2020.[13][14]
I 1926 arrangerte Numedal fylkeslag av Noregs Ungdomslag kappleik i Svene og på dette stemnet gjorde Narve Skarpmoen dei fyrste filmopptaka av numedalsspringaren. Desse opptaka kom med i Laagendalsfilmen.[15] Det var også han som tok biletet med eit hallingkast på 2,83 m som Olav Thorshaug gjorde på Bygdøy i 1920.[16]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Bakgård, personer. Teke mellom 1899 og 1930.
-
Anne Kures Hotel. Vinteren 1905.
-
17. mai 1913
-
1. mai 1918
-
Holmekolbanen og Nationaltheatret, mellom 1918 og 1925
-
Hotel Mundal i Fjærdal, ca. 1920-1925
-
Akers mek. verksted mellom 1923 og 1930
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Aftenposten. Dødsfall» (pressemelding). 2. september 1930.
- ↑ «Kirkebøker: Trefoldighet prestekontor Kirkebøker, SAO/A-10882/F/Fd/L0006: Ministerialbok nr. IV 6, 1929-1957, s. 8», media.digitalarkivet.no (på norsk), henta 16. oktober 2023
- ↑ Larsen, Peter (1943-) (2007). Norsk fotohistorie: frå daguerreotypi til digitalisering. Oslo: Samlaget. s. 151. ISBN 9788252162912
- ↑ Rollag kyrkjebøker, F/Fa/L0009: Ministerialbok nr. I 9, 1860-1874, s. 42.
- ↑ «Preus Museum», www.nb.no, henta 6. januar 2020
- ↑ Bing, Morten (2015). Kristiania for 100 år siden. Fotograf Skarpmoens levende portrett av byen og menneskene. Oslo: Cappelen Damm. s. 5. ISBN 978-82-02-47127-9
- ↑ 7,0 7,1 «Narve Skarpmoen - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no (på norsk), henta 27. oktober 2020
- ↑ Skarpmoen/Nasjonalbiblioteket, Tekst Sigurd S. Rønningen
Foto Narve (3. oktober 2008), «Møte med nøden», www.dn.no (på norsk), henta 6. januar 2020 - ↑ Hoff, Knut (udatert). Rollag bygdebok. Band III. Rollag kommune. s. 34.
- ↑ «Aftenposten. Dødsfall» (pressemelding). 29. august 1930.
- ↑ «003 Narve Nielsen - 017 Skarpmoen (Niels) - 001 Li og Tråen - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1891 for 0632 Rollag herred - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 5. januar 2020
- ↑ «Gåve til Nasjonalbiblioteket viste seg å vere Noregs eldste opptak av folkemusikk», Nasjonalbiblioteket (på norsk bokmål), 20. april 2020, henta 30. april 2020
- ↑ «Opptak av hardingfele og håndtering av epidemi inn på Norges dokumentarv», www.kulturradet.no (på norsk bokmål), henta 4. desember 2020
- ↑ «Narve Skarpmoens lydopptak av norsk folkemusikk 1903-1904», Nasjonalbiblioteket (på norsk bokmål), henta 9. mai 2021
- ↑ Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal. Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 282
- ↑ «Profilar», www.folkedans.com, henta 6. januar 2020