Namnet Tue
Tue eller Thue er eit gammalt skandinavisk mannsnamn som i nyare tid særleg har vore brukt i Danmark. Namnet har norrønt opphav og tyder «torden».
Tu, Tue og Thue kan også vera eit gardnamn og brukast som slektsnamn. Dette namnet har gjerne opphav i landskapsforma tue eller tuve.[1]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Tue er ei nyare form av Túvi og Tuvi, dei gammeldanske formene av det norrøne Tófi. Dette var ei kjæleform av namn basert på þórr, «torden», og eit andreledd på f- eller v-, som Þórfastr eller Þórvaldr, Torvald. Det kan også vera ei kortform for Þorbiǫrn, Torbjørn. Tilsvarande kvinnenamn er Tove, Tova og Tuva.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Tófi og Túfi er kjent frå 23 norrøne runeinnskrifter, så namna var truleg mykje brukte i Norden på den tida.[2]
Forma «Tue» er kjend brukt i Noreg frå 1610 og i Danmark frå 1800-talet. I Norge var namnet mest brukt på 1600-, 1700- og 1800-talet, særleg i Østfold og i Nordfjord i Sogn og Fjordane. I Danmark har namnet vore mest brukt i 1970- og 1980-åra.
«Tue» er i dag sjeldant, og er nesten ikkje i bruk i Noreg. Namnet er mest brukt i Danmark, og i forma «Thue» på Grønland.
I 2021 var det 573 nordmenn som heitte Thue til etternamn.[3]
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Tue Bjørn Thomsen (1972–2006), dansk boksar
- Tue West (fødd 1977), dansk songar
- Tue Lassen (fødd 1985), dansk orienteringsløpar
Etternamn
[endre | endre wikiteksten]- Jonas Thue, namnegjevar til Bryggeriet Tuborg (Thuesborg) på 1600-talet
- Henning Junghans Thue (1815-1851), norsk filolog og litteraturhistorikar
- Axel Thue (1863-1922), norsk matematikar
- Kjell Thue (1919-2012), norsk jurist og radiomann
- Oscar Thue (1928-1994), norsk kunsthistorikar
- Anniken Thue (f. 1944), norsk kunsthistorikar og museumsdirektør
- Trygve Thue (f. 1950), norsk gitarist og musikkprodusent
- Ove Thue (f. 1951), norsk songar og forfattar
- Hans Thue (f. 1955), norsk lokalpolitikar, ordførar i Nannestad
- Kamilla Thue (f. 1978), norsk lokalpolitikar, ordførar i Eidskog
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «O. Rygh: Norske Gaardnavne», www.dokpro.uio.no, henta 14. juni 2021
- ↑ «Nordiskt runnamnslexikon».
- ↑ Søk etter norsk namnestatistikk for Thue hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Tue» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juni 2021.