Nagano
Utsjånad
Nagano | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum i Nagano. | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | Japan | ||
Borgarmeister | Shōichi Washizawa | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 834,85 km² | ||
Flatevidd - By |
737,86 km² | ||
Innbyggjarar - By (2006) |
378,059 | ||
Koordinatar | 36°38′N 138°11′E / 36.633°N 138.183°E | ||
Tidssone | UTC + 9 (UTC+9) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://www.city.nagano.nagano.jp | |||
Plassering | |||
Nagano er ein by i prefekturet Nagano i Chūbu på øya Honshu i Japan. Byen er kjend for å ha vore arrangør for vinter-OL 1998.
Nagano ligg i eit område med mange åsar og bakkar. Byen hadde om lag 378,000 innbyggjarar i 2006, og er m.a.o. ikkje blant dei største byane i Japan. Her ligg eit universitet frå 1949, og det er både tre- og silkeindustri i byen. Den største attraksjonen i Nagano er buddhisttemplet Zenkō-ji frå 600-talet. Templet er eitt av dei få gjenverande pilgrimsmåla i Japan.
Både jarnbane og vegnettet er godt utbygd frå byen, og innanriksflyplassen Matsumoto Airport ligg ikkje langt unna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Nagano» i Store norske leksikon, snl.no.
- Engelsk Wikipedia om Nagano, henta inn 16. april 2011.