Murray McLachlan
Murray McLachlan | |||
Fødd | 6. januar 1965 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dundee | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist | ||
Prisar | Fellow of the Royal Society of Arts |
Murray McLachlan (fødd 6. januar 1965) er ein britisk konsertpianist fødd i Dundee i Skottland.[1][2][3]
Han har eit repertoar på over 40 konsertar, og har opptredd som solist med mange leiande britiske orkester. Han stod for den siste konsertframøringa i Royal Albert Hall på 1900-talet då han spelte Gershwin sin Rhapsody in Blue under 'Millennium Proms' med BBC Concert Orchestra under Christopher Warren-Green. I sesongen 2000–2001 debuterte han som dirigent då han dirigerte Mozart Festival Orchestra på ein nasjonal turné.
Han har spelt inn fleire syklusar av russisk musikk: Prokofjev, Kabalevskij, Khatsjaturian, Tsjerepnin, Weinberg, Stsjedrin og Mjaskovskij. Diskografien hans omfattar også musikk av Sjostakovitsj, Hamish MacCunn, Erik Chisholm, John Ramsden Williamson og Marcus Blunt og ein konsert basert på skisser etterlatne av Grieg til ein andre pianokonsert. Han har også gjeve ut eit crossover-album med jazzsaxofonisten Tommy Smith.
McLachlan framførte urpremieren på Jeremy Thurlow sin pianokonsert,[4] og har også stått for urframføringar av verk av andre komponistar, som Ronald Stevenson, Charles Camilleri, Michael Parkin, og Beethoven. Innspelinga hans av John McLeod sitt verk Piano Music blei vald ut som Record of the Week i Glasgow Herald, og innspelinga hans Piano Music from Scotland blei tildelt ein rosett i Penguin Guide to Compact Discs.
Som Head of Keyboard ved Chetham's School of Music i Manchester[1] har McLachlan også verka som lærar, og har gjeve fleire meisterklassar i Storbritannia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Murray McLachlan / Chetham's». Chetham's School of Music. Henta 19. juni 2021.
- ↑ Warwick, Norman (25. februar 2020). «MEET THE MUSIC-MAKERS: Murray Mclachlan & family». Across All the Arts.
- ↑ Hall, Charles (2002). Chronology of Western classical music. New York: Routledge. s. 1027. ISBN 9780415942171.
- ↑ «Jeremy Thurlow - Touched with Fire». SPNM. Henta 17. august 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Murray McLachlan (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2023.