Multippel sklerose
Multippel sklerose (MS) er ein autoimmun demyeliniserande betennelsessjukdom i sentralnervesystemet. Årsaka til sjukdomen er uviss,[1] men fleire genetiske risikofaktorar er kjende.[2]
Multippel sklerose er den mest vanlege ikkje-traumatiske årsaka til invaliditet hjå unge vaksne.[3]
Multippel sklerose kjem i ulike variantar. Dei aller fleste (85%) som er råka av MS har den attakkvise varianten (RRMS), som har periodar med betring og forverring. Kring halvparten av desse vil utvikla sekundær progressiv MS (SPMS) innan eit par tiår. Kring 10-15% av pasientane har primær progressiv MS, som er varianten med den verste[4] prognosen og med snøgg sjukdomsutvikling.[5] Både primær[6] og sekundær[5] progressiv MS har ei stødig sjukdomsutvikling med gradvis aukande nevrologisk invaliditet. Båe variantane utviklar seg omkring like snøgt.[7]
Klinisk isolert syndrom (CIS) er dei fyrste kliniske teikna på ein sjukdom med demyeliniserande betennelse som kan vera multippel sklerose, men der tidsaspektet til ein MS-diagnose ikkje er møtt. Ulike grupper av undersøkte pasientar med CIS viser ulikt sannsyn for å seinare få diagnosen multippel sklerose.[7][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Keegan, B. Mark; Noseworthy, John H. (februar 2002). «Multiple Sclerosis». Annual Review of Medicine 53: 285–302. PMID 11818475. doi:10.1146/annurev.med.53.082901.103909. Arkivert frå originalen 9. mars 2021. Henta 20. januar 2017.
- ↑ Sawcer, Stephen; Hellenthal, Garrett; Pirinen, Matti; Spencer, Chris C. A.; Patsopoulos, Nikolaos A.; Moutsianas, Loukas; et al. (2011). «Genetic risk and a primary role for cell-mediated immune mechanisms in multiple sclerosis». Nature 476 (7359): 214–9. PMC 3182531. PMID 21833088. doi:10.1038/nature10251.
- ↑ Popescu, Bogdan F.Gh.; Lucchinetti, Claudia F. (2012). «Pathology of Demyelinating Diseases». Annual Review of Pathology: Mechanisms of Disease 7: 185. doi:10.1146/annurev-pathol-011811-132443. Arkivert frå originalen 18. juni 2022. Henta 23. juni 2017.
- ↑ Koch, M.; Kingwell, E.; Rieckmann, P.; Tremlett, H. (2009). «The natural history of primary progressive multiple sclerosis». Neurology 73 (23): 1996. PMID 19996074. doi:10.1212/WNL.0b013e3181c5b47f.
- ↑ 5,0 5,1 McKay, Kyla A.; Kwan, Vivian; Duggan, Thomas; Tremlett, Helen (2015). «Risk Factors Associated with the Onset of Relapsing-Remitting and Primary Progressive Multiple Sclerosis: A Systematic Review». BioMed Research International 2015: 1. doi:10.1155/2015/817238.
- ↑ Miller, David H; Leary, Siobhan M (2007). «Primary-progressive multiple sclerosis». The Lancet Neurology 6 (10): 903. PMID 17884680. doi:10.1016/S1474-4422(07)70243-0.
- ↑ 7,0 7,1 Lublin, F. D.; Reingold, S. C.; et al. (2014). «Defining the clinical course of multiple sclerosis: The 2013 revisions». Neurology 83 (3): 278. PMID 24871874. doi:10.1212/WNL.0000000000000560.
- ↑ Miller, David; Barkhof, Frederik; Montalban, Xavier; Thompson, Alan; Filippi, Massimo (2005). «Clinically isolated syndromes suggestive of multiple sclerosis, part I: Natural history, pathogenesis, diagnosis, and prognosis». The Lancet Neurology 4 (5): 281. PMID 15847841. doi:10.1016/S1474-4422(05)70071-5.