Monsterbølgje
Ei monsterbølgje er ei stor havbølgje, mykje større enn dei omliggjande bølgjene, som tilsynelatande brått oppstår. Krafta i desse bølgjene kan søkke sjølv store skip. I oseanografi er dei definert som bølgjer som er meir enn det dobbelte av den signifikante bølgjehøgda. Signifikant bølgjehøgd er gjennomsnittet av den høgaste tredjedelen av bølgjene i eit bølgjespekter.
Lenge trudde ein at desse bølgjene berre var ei segn og berre sjøfolk som hadde overlevd dei snakka om dei, men no veit ein at dei er eit naturleg havfenomen. Dei er ikkje sjeldne, men det er sjeldan nokon kjem ut for dei. Tidlegare hadde ein berre vitneprov frå sjømenn og øydeleggingane på skipa deira som prov. 1. januar 1995 vart derimot plattforma Draupner i Nordsjøen råka av ei monsterbølgje, ofte omtalte som «nyttårsbølgja». Bølgja vart fanga opp av måleinstrument og øydeleggingar som vart gjort på plattforma stadfesta at målinga var rett.
Forskarar ved GKSS Forskingssenter har brukt data frå ESA-satellittar til å identifisere teikn etter mange monsterbølgjer.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det er vanleg at uvêr i havområde kan føre til bølgjer opp mot 15 m i ekstreme tilfelle. I hundrevis av år har sjøfolk fortalt om enorme bølgjer på opp mot 30 m høgd (om lag like høg som ein tolv etasjar høg bygning), som oppstod utan åtvaring midt på havet. Bølgjene kunne gå imot straum- og bølgjeretninga, og ofte i heilt klårt vêr. Slike bølgjer vart skildra som ein vegg av vatn og ein bølgjedal som var så djup at den var som eit «hol i havet». Eit skip som møtte ei slik bølgje ville mest sannsynleg ikkje kunne motstå dei enorme kreftene med trykk på opp til 100 tonn per kvadratmeter som følgje av vekta av vassmassane. Vanlegvis er skip laga for å kunne tole bølgjer opp til 15 m, og trykk på om lag 15 tonn/m² utan å øydeleggast, og bølgjer på rundt 20 m visst ein tillet små skadar.
Forskarar avviste lenge slike historier fordi dei matematiske modellane indikerte at havbølgjer høgare enn 15 m var så sjeldne at dei berre ville oppstå «ein gong kvart 10000. år». Satellittbilete har dei siste åra derimot vist at bølgjer på opp til 30 m er mykje vanlegare enn det matematiske sannsynet tilseier ut i frå ein lineær modell for bølgjestorleik. Sjølv med ikkje-lineære modellar har ein ikkje klart å modellere slike bølgjer.
Slike monsterbølgjer er ikkje det same som tsunamiar. Ein tsunami er ei forskyving av store vassmassar som kan flytte seg med svært stor fart og vert stort sett ikkje lagt merke til på djupt vatn. Desse blir først farlege når dei kjem inn mot kysten og sjøen vert grunnare. Tsunamiar er ikkje til fare for skipstrafikk på ope hav. Megatsunamiar er sjeldnare, men oppstår berre i avgrensa område som fjordar og elvedalar. Monsterbølgjer oppstår derimot på det opne havet.
Det finst tre typar monsterbølgjer:
- Ein «vegg av vatn» som kan flytte seg opp til 10 km langs havoverflata.
- «Tre søstre», ei gruppe av tre bølgjer.
- Enkle, enorme stormbølgjer som byggjer seg opp til å bli fire gonger så store som dei andre bølgjene, og som kollapsar etter nokre sekund.
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Eit prosjekt kalla MaxWave har utført studiar av havbølgjer med radar over ei tre veke lang periode i 2001. Dei tok 30000 bilete, som kvar dekte eit 10 x 5 km stort område, og dekte totalt eit område på 1,5 millionar km². Monsterbølgjer vart oppdaga på 10 av desse bileta, eller ei bølgje per 150 000 km². Ei kortvarig bølgje i eit spesifikt havområde er ei svært sjeldan hending.
Årsak og forsking
[endre | endre wikiteksten]Ein kjenner ikkje mykje til årsakene til at monsterbølgjer oppstår. Størst fare for slike bølgjer ser ut til å vere der ein har kraftige straumar i retning mot bølgjene. Området nær Kapp Agulhas, det sørlegaste punktet i Afrika, er eit slikt område. Dette forklarar derimot ikkje korleis alle slike bølgjer oppstår, særskild ikkje «ut av ingenting» på ope hav. Fleire mekanismar er føreslått til å kunne danne monsterbølgjer:
- Diffraktiv fokusering av kystutforminga eller havbotn.
- Interferens - I denne teorien meiner ein at fleire små bølgjer møtes i fase, og den kombinerte høgda av alle saman dannar ei monsterbølgje.
- Straumar som går mot bølgjene. Dette fører til kortare bølgjelengder, som fører til at bølgjene vert høgare. Ein meiner då at enkelte bølgjer kan pressast saman og oppover til ei monsterbølgjer.
- Ikkje-lineære effektar - Det er mogeleg at monsterbølgjer kan oppstå naturleg ved hjelp av ikkje-lineære prosessar i eit felt av mindre bølgjer. I denne hypotesen meiner ein at ei ustabil bølgje «sug» til seg energien frå andre bølgjer, og veks til den vert nesten vertikal, før den vert for ustabil og kollapsar kort tid etter. Ein enkel modell for dette er bølgjelikningane kalla ikkje-linejære Schrödinger likningar (NLS) der ei normal bølgje tar til seg energien frå bølgja før og bak, og reduserer desse bølgjene til små krusingar. Slike monsterbølgjer og den djupe bølgjedalen føre og bak bølgja kan vare nokre minutt før den enten bryt, eller minkar igjen. NLS-likningane gjeld berre for djupt hav.
- Monsterbølgjer er berre ein del av det normale bølgjespekteret og vert danna på same måte som andre bølgjer, men oppstår svært sjeldan.
- Vindbølgjer - Det er usannsynleg at vinden aleine kan generere monsterbølgjer, men effekten av vinden kombinert med andre mekanismar kan vere ei forklaring på fenomenet.
Ei forskingsgruppe ved Umeå unversitet i Sverige fann i august 2006 ut at normale stokastiske vinddrivne bølgjer brått kan danne monsterbølgjer, men slike bølgjefelt er derimot urealistisk på ope hav.
Dei fleste teoriar forskarane har kome opp med så langt har vist seg å ikkje halde mål. Nyleg stod ein berre att med ein teori om at den såkalla Benjamin-Feir-instabiliteten kunne vere ei mogeleg forklaring. Norske forskarar gjorde derimot forsøk med denne instabiliteten og kom fram til at dette heller ikkje kan forklare monsterbølgjene på ope hav.[1]
Møte
[endre | endre wikiteksten]- 10. oktober 1903 var skipet RMS «Etruria» fire timer unna New York då den vart råka av ei monsterbølgje. Bølgja var minst 16 m høg og trefte skipet på babord side. Bølgja øydela brua og rekkverket. Ein passasjer vart tatt av bølgja og omkom.
- I 1933 vart oljetankaren USS «Ramapo» råka av ei enorm bølgje. Mannskapet triangulerte bølgja til å vere 34 m.
- I 1942 vart RMS «Queen Mary» råka av ei 28 meter høg bølgje og var nær ved å kantre. «Queen Mary» hadde ei slagside på 52 grader før den retta seg opp att.
- I 1966 vart det italienske cruiseskipet «Michelangelo» råka av ei enorm bølgje som slo eit svært hol i skipssida og knuste vindauge 24 m over havoverflata. Ein frå mannskapet og to passasjerar omkom.
- «SS Edmund Fitzgerald» var ein lastebåt som brått sokk under ein storm i Lake Superior på grensa mellom USA og Canada. Skipet gjekk ned utan naudrop og alle dei 29 om bord mista livet. Dette skjedde 10. november 1975 og ein meiner at årsaka kan ha vore ei monsterbølgje.
- Den norske oljetankaren «Wilstar» fekk skadar etter eit møte med ei monsterbølgje i 1974.
- I 1977 trefte oljetankaren «Stolt Surf» ei monsterbølgje i Stillehavet. Det vart teke bilete av bølgja som var høgare enn den 22 meter høge brua.
- I 1978 gjekk transportskipet MS «München» ned etter å ha sendt ut eit naudsignal. Ein fann livbåtar med mykje vridd metall som tyda på at store krefter hadde vore i sving. Mest sannsynleg vart skipet råka av ein monsterbølgje.
- RMS «Queen Elizabeth 2» vart råka av ei 29 m høg bølgje i Nord-Atlanteren i 1995.
- I 2001 vart skipa «Bremen» og «Caledonian Star» begge råka av same bølgja. Vindauge på brua vart knust, 30 meter over havnivå. Det var ingen kraftige straumar i området som kunne forklare korleis bølgja oppstod.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ekstrembølgene: Fortsatt et mysterium». forsking.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Holliday, NP, MJ Yelland, RW Pascal, VR Swail, PK Taylor, CR Griffiths, and EC Kent (2006). Were extreme waves in the Rockall Trough the largest ever recorded? Geophysical Research Letters, Vol. 33, L05613
- Monsterbølgjer sett frå verdsrommet. BBC News (22 July 2004).
- Monsterbølgjer Arkivert 2010-05-28 ved Wayback Machine.. Ocean Prediction Center. National Weather Service (22 April 2005).
- Monsterbølgjer. BBC (14 November 2002).
- P. K. Shukla, I. Kourakis, B. Eliasson, M. Marklund och L. Stenflo: Instability and Evolution of Nonlinearly Interacting Water Waves nlin.CD/0608012, Physical Review Letters (2006)
- Broad, William J (July 11, 2006). http://www.nytimes.com/2006/07/11/science/11wave.html?8dpc. New York Times
- Petersen, Karsten (December 8, 2003). The Storm: Stolt Surf in the North Pacific, 1977.
- ESA-satellittar og monsterbølgjer
- MaxWave prosjektet Arkivert 2007-01-16 ved Wayback Machine.
- Artikkel som diskuterer mogelege årsaker. Arkivert 2008-11-12 ved Wayback Machine.
- SA Artikkel med bilete av ein bølgje som bryt over ein oljetankar