Midsund kommune
Midsund kommune | |||
tidlegare kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Midsund | ||
Areal | 95 km² | ||
• land | 94 km² | ||
• vatn | 1 km² | ||
Målform | Nynorsk | ||
Ordførar | Odd Helge Gangstad (Sp) | ||
Kommunenr. | 1545 | ||
Midsund kommune 62°42′31″N 6°47′48″E / 62.708611111111°N 6.7966666666667°E | |||
Kart som viser Midsund kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Midsund (former municipality) | |||
Nettstad: www.midsund.kommune.no |
Midsund er ein tidlegare norsk øykommune på romsdalskysten i Møre og Romsdal. Han var omgjeven av kommunane Aukra i nordaust, Molde i aust, Vestnes i sør, Haram i sørvest og Sandøy i vest. 1. janaur 2020 vart kommunen slegen saman med Molde og Nesset til nye Molde kommune.
Det var to kyrkjer i Midsund kommune. Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje ligg begge på Otrøya.
Kommunen hadde rundt 2050 innbyggjarar. Tettstaden Midsund hadde 583 innbyggjarar per 1. januar 2019.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det finst spor av busetjing frå Fosnakulturen ca. 6-8000 år f.Kr. Ein kjenner også til busetjinger frå 1400-talet.
Den mektige steingarden på Midøya var ein del av riksgrensa mellom Danmark-Noreg og Sverige i perioden 26. februar 1658 til 27. mai 1660. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på riksgrensa.[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen består av øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Dialekt
[endre | endre wikiteksten]Ein frå midsund snakkar romsdalsdialekt og brukar «i» som førsteperson eintall.
Næringsdrift
[endre | endre wikiteksten]Næringslivet i Midsund er preget av fiskeoppdrett, fiske, jordbruk og havrelatert mekanisk industri.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Midsund har sitt eige idrettslag som heite Midsund Idrettslag (forkorta MIL). Vi finn ein idrettshall, treningsstudio, Midsund stadion og Skeidvoll kunstgrassbane.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Midsund har ein kino som har tilholdsstad på bygdheim forsamlingshus. Bygdheim har plass til 170 personar.
Midsund musikklubb bidrar til å oppretthalde levande musikk i Midsund.
Midsund har eiga lokalavis kalla Midsundingen som blir oppdatert kvar dag på nettstaden deiras og utgjeve kvar måned i papir.
Verdt å sjå
[endre | endre wikiteksten]- Bjørneremshellarane
- Franskhelleren
- Hellekista på Orset
- Helleristningar på Nord Heggdal
- Kvernhuset i Heggdalsvika
- Midsundtrappa
- Riksgrensa mellom Danmark/Noreg - Sverige
Kjende folk frå Midsund
[endre | endre wikiteksten]- Anton Beinset, (1894-1963), redaktør og forfattar
- Eivind Reiten, (1953-), politikar og næringslivsleiar
- Ole Arve Misund, (1958-), direktør i Norsk Polarinstitutt
- Eldbjørg Raknes, (1970-), jazzmusikar
- Steinar Raknes, (1975-) jazzmusikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «2019-11-04», ssb.no (på norsk), henta 11. desember 2019
- ↑ «Om Midsund - Midsund kommune», www.midsund.kommune.no, arkivert frå originalen 21. november 2019, henta 5. november 2019