Hopp til innhald

Metallic Spheres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metallic Spheres
Studioalbum av The Orb
med David Gilmour
Utgjeve 12. oktober 2010
Innspelt 2009
Sjanger Electronica, dub, progressiv rock, ambient
Lengd 48:53
Selskap Columbia
Produsent Martin "Youth" Glover[1][2]
The Orb-kronologi 
Baghdad Batteries (Orbsessions Volume III)
(2009)
Metallic Spheres The Orbserver in the Star House
(2012)
David Gilmour-kronologi
Live in Gdańsk
(2008)
Metallic Spheres Rattle That Lock
(2015)


Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic72/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[5]
The A.V. ClubC+[6]
Mojo4/5 stars[7]
Now4/5 stars[8]
Pitchfork7.0/10[9]
PopMatters6/10 stars[10]
Q4/5 stars[11]
Slant Magazine4/5 stars[12]
Spin5/10[13]
Uncut4/5 stars[14]
URB4/5 stars[15]

Metallic Spheres er det tiande studioalbumet til ambienttechno-gruppa The Orb og kom ut i oktober 2010. Med seg har dei Pink Floyd-gitarist David Gilmour og Killing Joke-bassisten Youth.[16] Albumet låg tre veker på den britiske albumlista og nådde 12. plassen.[17]

Tidleg i karrieren sin vart The Orb skulda (men aldri bevist) for å ha gjeve ut ei rekkje piratkopiplate med trance-miksar av Pink Floyd-album, og gruppa hadde mange andre Pink Floyd-referansar, mellom anna så vart Battersea Power Station nytta på fleire av plateomslaga deira.[5] I 2009 spelte David Gilmour inn ein versjon av Graham Nashsingelen «Chicago» med hjelp av produsenten Youth, som stundom hadde vore medlem av The Orb heilt attende til tidleg på 90-talet. Dette var ein veldedig singel til støtte for hackeren Gary McKinnon, men det vart eit springbrett for vidare samarbeidd eit år seinare, etter at leiaren i Orb, Dr. Alex Paterson, vart involvert. Metallic Spheres vart resultatet.[5]

Albumet strekkjer seg over 49 minuttar og er berre delt inn i to spor. Gilmour speler gitar, lap steel og stundom vokal (sampla frå «Chicago»).[5]

  1. Metallic Side (28:42)
    1. Metallic Spheres
    2. Hymns to the Sun
    3. Black Graham
    4. Hiding in Plain View
    5. Classified
  2. Spheres Side (20:12)
    1. Es Vedra
    2. Hymns to the Sun (Reprise)
    3. Olympic
    4. Chicago Dub
    5. Bold Knife Trophy
  3. Cult of Youth Ambient Mix (Parts 1 & 2) (Edit) (5:35) (bonusspor på iTunes)

Alle songar er skrivne av David Gilmour, Alex Paterson & Youth.
«Hymns to the Sun» skriven av David Gilmour, Alex Paterson, Youth & Graham Nash.
«Black Graham» skriven av David Gilmour, Alex Paterson, Youth & Marcia Mello.
«Hiding in Plain View» skriven av David Gilmour, Alex Paterson, Youth & Tim Bran.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • David Gilmour - gitarar, vokal
  • Alex Paterson - lydmanipulering, klaverinstrument, turntables
  • Youth - bass, klaverinstrument, programmering
  • Tim Bran - klaverinstrument, programmering
  • Marcia Mello - akustisk gitar (på «Black Graham»)
  • Dominique Le Vac - korvokal
  1. «Metallic Spheres – David Gilmour, The Orb : Credits». AllMusic. Henta 2. november 2012. 
  2. The Orb featuring David Gilmour – Metallic Spheres (Columbia – 88697 79645 2)Discogs
  3. «The Orb feat. David Gilmour: Metallic Spheres». AnyDecentMusic?. Henta 20. juli 2019. 
  4. http://www.metacritic.com/music/metallic-spheres/the-orb
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 AllMusic review
  6. The A.V. Club review
  7. Alexander, Phil (November 2010). «The Orb feat. David Gilmour Metallic Spheres». Mojo. s. 100. «[A] finely textured affair … Challenging, but also warm, lush and reassuringly ambient.» 
  8. http://nowtoronto.com/music/album-reviews/the-orb-featuring-david-gilmour/
  9. Pitchfork Media review
  10. http://www.popmatters.com/review/131182-the-orb-feat-david-gilmour-metallic-spheres/
  11. "The 50-minute opus is an ambient masterclass." [Nov 2010, p.112]
  12. http://www.slantmagazine.com/music/review/the-orb-featuring-david-gilmour-metallic-spheres
  13. http://www.spin.com/reviews/orb-vs-david-gilmour-metallic-spheres-columbiasony/
  14. "What most surprising is the diversity here – the sense of direction is not pressing, but ultimately there's plenty to revisit." [Nov 2010, p.94]
  15. "Metallic Spheres, a collaboration with electronica legends the Orb, represents his boldest and most satisfying footnote to date."
  16. Columbia Records (28. september 2010). «The Orb Featuring David Gilmour's Metallic Spheres to be Celebrated Through Original Laser Show and Appearances by The Orb». PR Newswire. Henta 20. juli 2019. 
  17. «David Gilmour | Artist». Official Charts. Henta 12. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]