Max Julen
Max Julen | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 15. mars 1961 (63 år) Zermatt |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – men's giant slalom |
Max Julen (fødd 15. mars 1961) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Zermatt. Han vann gullmedaljen i storslalåm under OL 1984 i Sarajevo.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Julen var storslalåmspesialist. Han slo gjennom i verdscupen i alpint i januar 1982 då han kom på tredjeplass i eit storslalåmrenn i Adelboden. Under VM i alpint 1982 i Schladming kom han på 13. pass i øvinga. 1983-sesongen kom han fem gongar på andreplass i verdscupen, alle i storslalåm. Samanlagt i verdscupen vart han nummer åtte, medan han i storslalåmcupen kom på delt andreplass med 100 poeng, sju poeng bak vinnaren Phil Mahre frå USA.
12. desember 1983 vann Julen sitt einaste verdscuprenn, storslalåmtevlinga i Les Diablerets. Nokså nøyaktig to månader seinare gjekk han heilt til topps i storslalåm under vinter-OL 1984 i Sarajevo, 23 hundredels sekund framom Jugoslavias Jure Franko.
Sesongen 1985 kom Julen to gonger på tredjeplassen i verdscuprenn, den eine gongen eit kombinasjonsrenn og den andre i storslalåm. Han kom på tiandeplassen i storslalåm under VM 1985 i Bormio. I 1986-sesongen vart han som best nummer seks i verdscupen, då i eit slalåmrenn.
Han la opp som alpinist i 1987, etter elleve pallplasseringar i verdscupen, ti av dei i storslalåm.
Julen driv i dag hotell i heimbyen Zermatt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Max Julen» frå Wikipedia på tysk, den 1. februar 2012.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |