Maurice Denis
Maurice Denis | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 25. november 1870 Granville |
Død |
13. november 1943 (72 år) |
Yrke | illustratør, litograf, skribent, kunstkritikar, designar, kunstmålar, grafikar, kunsthistorikar, kunstteoretiker, biletkunstnar |
Språk | fransk |
Sjanger | portrett, landskapsmåleri, sjangerkunst |
Medlem av | Comité national de l'estampe, Académie des beaux-arts, Saint John Society for the development of Christian art |
Far | Constant Eugène Denis |
Ektefelle | Marthe Meurier, Elisabeth Graterolle |
Born | Noëlle Maurice-Denis Boulet, Anne-Marie Poncet-Denis, Bernadette Denis, Dominique Denis, Madeleine Denis, François Denis |
Maurice Denis på Commons |
Maurice Denis (25. november 1870–13. november 1943) var ein fransk, symbolistisk målar og grafikar, ein av skiparane av kunstnargruppa Les Nabis.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Denis var son til ein tenestemann ved dei franske jarnbanene. I 1871 flytta familien til Saint-Germain-en-Laye ved Paris, som vart heimstade til Denis resten av hans liv. Frå 1888 var han elev ved Académie Julian i Paris, der Paul Sérusier lærte han opp i målarstilen til Pont-Aven-skulen. Han stilte ut fyrste gongen i Paris-salongen i 1890, og fekk publisert ein artikkel om kunstteori i tidsskriftet Art et Critique. På same tid var han med å skipe kunstnargruppa «Les Nabis», saman med Pierre Bonnard, Paul Sérusier og Édouard Vuillard. I 1891 deltok han med eigne verk då Nabis-gruppa stilte ut fyrste gongen. Denis vert rekna som den viktigaste teoretikaren i gruppa.
Under sine Italia-reiser mellom 1890 og 1895 studerte han verk frå renessansen, særleg arbeid av Piero della Francesca. Denis tok oppdrag som dekorasjonsmålar av ei kyrkje i Les Vesinet, han arbeidde med tresnitt som galleristen Ambroise Vollard stilte ut 216 av i 1903, og han illustrerte eit diktverk av lyrikaren Paul Verlaine. Denis la ut på fleire reiser, mellom anna besøkte han Moskva i 1909, Algerie og Tunisia i 1921, Palestina og Hellas i 1924, samt USA og Canada i 1927.
Denis skapte bilete i enkle former, med mjuke linjer og flater i bleike fargar. Mellom hans arbeid tel akvarellar, lerretsmåleri og grafikk, samt bokillustrasjonar. Frå året 1919 søkte han fyrst og fremst å gjenopplive den religiøse kunsten, saman med Georges Desvallières grunna han «Verkstaden for kyrkjekunst». I 1920 laga han altarmosaikken i Basilika Abtei Saint-Maurice i kantonen Valais i Sveits. Mosaikkmotivet viser kroninga av helgenen Mauritius.
Denis døydde i 1943, etter å ha vorte påkøyrd av ein bil.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Nativité (rundt 1876), olje på lerret, Toulouse, musée des Augustins.
-
Le Mystère catholique (1889), olje på lerret, Saint-Germain-en-Laye, musée des Augustins.
-
Madame Ranson au chat (1892), olje på lerret, Saint-Germain-en-Laye, musée des Augustins.
-
Portrait d'Yvonne Lerolle (1897), olje på lerret, Paris, musée d'Orsay.
-
Maternité devant la mer eller Maternité au Pouldu (1899), musée des beaux-arts de Pont-Aven.
-
Petit Déjeuner (1901), olje på papp, Francfort-sur-le-Main, Institut d’art Städel.
-
Baigneuses à Perros-Guirec (ca. 1909), olje på lerret, Paris, Petit Palais.
-
La Communion de Jeanne d'Arc (1909), olje på lerret, musée des beaux-arts de Lyon.
-
Saint Georges aux rochers rouges (1910), musée des beaux-arts d'Angers.
-
L'Annonciation (1912), MUba Eugène-Leroy i Tourcoing
-
Autoportrait devant le Prieuré (1921), Saint-Germain-en-Laye, musée départemental Maurice-Denis.
-
La Vierge du Folgoët (1930), musée des beaux-arts de Quimper.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maurice Denis» frå Wikipedia på tysk, den 1. november 2013.