Lurøya
Utsjånad
Lurøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°25′33″N 12°52′11″E / 66.42583°N 12.86972°E
|
Areal | 14,2 km²
|
Høgaste punkt | Lurøyfjellet (685 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 132 (2001) |
Folketettleik | 9,3 /km² |
Lurøya er ei øy i Lurøy kommune i Nordland. Ho har eit areal på 14,2 km². Øya ligg vest for Stigen og nord for Onøya, som ho har brusamband til. I nord ligg Matskjærfjorden og i nordvest Måværfjorden.
På Lurøya ligg òg adminstrasjonssenteret til kommunen. Det høgaste punktet på øya er Lurøyfjellet på 685 meter over havet. Lurøy kyrkje ligg på sørvestsida av øya.
Postadressa til både Lurøya og Onøya er 8766 LURØY.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.