Lothal
Lothal લોથલ | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Gujarat | ||
Distrikt | Ahmedabad | ||
Stad | Saragwala | ||
Periode | Induskulturen | ||
Grunnlagd | Ca. 2400 f.Kr. | ||
Lothal 22°31′17″N 72°14′58″E / 22.521388888889°N 72.249444444444°E | |||
Utbreiinga og større funnstader for Indussivilisasjonen. Lothal ligg søraust i området.
| |||
Wikimedia Commons: Lothal |
Lothal (લોથલ loˑt̪ʰəl) er ein av dei større ruinbyane etter Indussivilisasjonen og stammar fra rundt 2400 f.Kr. Staden ligg nær den noverande landsbyen Saragwala i Bhal-regionen i den indiske delstaten Gujarat, om lag 8 mil sørvest for delstatshovudstaden Ahmedabad.
Ruinane blei oppdaga i 1954 og først grovne ut frå 1954-1955 til 1962-63 av Archaeological Survey of India (ASI), det offisielle indiske fortidsminnebyrået. Det er bygd eit arkeologisk museum ved sidan av utgravingsområdet som viser fram nokre av dei viktigaste indusdalfunna frå India.
Strukturar
[endre | endre wikiteksten]Lothal huser ruinane av ei stor hamn eller eit basseng med mål på 37 ganger knappe 22 meter. Strukturen ligg ved det gamle leiet til elva Sabarmati, som sidan har endra kurs. Via elva hadde innbyggjarane i Lothal handelssamband med Indiahavet, og det er funne prov på handel med stader i Persiabukta, og gjennom dei truleg også Det gamle Egypt og Mesopotamia.
Bygningane i byen, mellom anna ein lagerbygning med 64 rom nær hamna, låg litt høgare enn elvesletta rundt, og var omgjeven av ein bymur. Ein høgareliggjande del av byen ved varehuset har hus med private bad og eit omfattande avløpssystem. Den lågareliggande delen av byen husa handverkarar som gull- og koparsmedar og tilverkarar av skjel og perler.[1]
Utanfor bymuren, i nordvest, låg ein gravplass. Det er identifisert 22 gravstader her, kvar forma som eit rektangel med nord-vest-orientering.[1]
Transport
[endre | endre wikiteksten]Lothal ligg seks kilometer søraust for jernbanestasjonen Lothal-Bhurkhi på jernbanelinja Ahmedabad-Bhavnagar. Han har også vegsamband med Ahmedabad (85 km), Bhavnagar, Rajkot og Dholka. Dei næraste byane er Dholka og Bagodara.
Arkeologi
[endre | endre wikiteksten]Lothal blei funne i 1954 under ei arkeologisk utforsking byrja av Archaeological Survey of India etter delinga av Britisk India i 1947. Delinga medførte at dei fleste kjende indusdalstadene, mellom anna Harappa og Mohenjo-daro, gjekk til Pakistan. Lothal ligg 27 mil frå Mohenjo-daro.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Excavations – Important – Gujarat». Archaeological Survey of India. Henta 7. april 2014..
- ↑ Robert W. Bradnock, Anil Mulchandani. Rajasthan and Gujarat Handbook: The Travel Guide (PHP). Footprint Travel Guides. s. 276. ISBN 1-900949-92-X. Henta 26. oktober 2006.
- «Lothal» Arkivert 2014-04-29 ved Wayback Machine., A Glimpse of Gujarat
- «A Walk Through Lothal» ved harappa.com
- Denne artikkelen bygger på «Lothal» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- S. Srikanta Sastri, "Harappa Town Planning" (published in "Uttar Pradesh" in November 1961).
- S. R. Rao, Lothal (published by the Director General, Archaeological Survey of India, 1985)
- A.S. Khadikar, N. Basaviah, T. K. Gundurao and C. Rajshekhar Paleoenvironments around the Harappan port of Lothal, Gujarat, western India, in Journal of the Indian Geophysicists Union (2004)
- Lawrence S. Leshnik, The Harappan "Port" at Lothal: Another View American Anthropologist, New Series, Vol. 70, No. 5 (Oct., 1968), pp. 911–922
- Robert Bradnock, Rajasthan and Gujarat Handbook: The Travel Guide ISBN 1-900949-92-X
- S. R. Rao, Lothal and the Indus Civilisation ISBN 0-210-22278-6
- S. R. Rao, Lothal: A Harappan Port Town (1955–1962) (Memoirs of the Archaeological Survey of India) ASIN: B0006E4EAC
- Sir John Marshall, Mohenjo-daro and Indus Civilisation I–III (1932)
- Dennys Frenez & Maurizio Tosi The Lothal Sealings: Records from an Indus Civilization Town at the Eastern End of the Maritime Trade Circuits across the Arabian Sea, in M. Perna (Ed.), Studi in Onore di Enrica Fiandra. Contributi di archeologia egea e vicinorientale, Naples 2005, pp. 65–103.
- S. P. Gupta (ed.), The Lost Sarasvati and the Indus Civilization (1995), Kusumanjali Prakashan, Jodhpur
- Jonathan Mark Kenoyer, Ancient cities of the Indus Valley Civilization (1998) Oxford University Press, ISBN 0-19-577940-1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «A Walk Through Lothal» ved harappa.com
- «Pictures of Lothal Remains» ved indohistory.com
- Lothal Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
- The Harappan Civilization Arkivert 2019-12-13 ved Wayback Machine.
- Indus artefacts
- Cache of Seal Impressions Discovered in Western India Arkivert 2011-06-29 ved Wayback Machine.
- «Sarasvati-Sindhu civilization». Arkivert frå originalen 1. januar 2007. Henta 6. april 2014.
- Collection of images Arkivert 2006-01-27 ved Wayback Machine.Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.