Leppefisk
Utsjånad
Leppefisk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Underorden: | Labroidei |
Familie: | Leppefisk Labridae Cuvier, 1816 |
Leppefisk (Labridae) er ein familie piggfinnefisk som lever i havet. Mange av artane er sterkt farga; og sidan fleire òg skiftar både farge og kjønn på ulike alderstrinn har det eksistert ein del forvirring i systematikken til gruppa. I norske farvatn opptrer 7 av dei ca 500 artane regelmessig.
Leppefiskane er ein stor og variert familie. Dei minste artane målar under 5 cm, medan dei største kan bli opptil 2,3 m lange.
Dei fleste artane er rovfisk på botnlevande virvellause dyr, men det finst òg plankton-etarar og artar som reinsker ektoparasittar frå større fisk.
Artar i norske farvatn
[endre | endre wikiteksten]- Berggylt (Labrus bergylta)
- Bergnebb (Ctenolabrus rupestris)
- Brungylt (Acantholabrus palloni)
- Blåstål og raudnebb (Labrus mixtus)
- Grasgylt (Centrolabrus exoletus)
- Grøngylt (Symphodus melops)
- Junkergylt (Coris julis)