Lars Loe
Lars Loe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. april 1883 Ulstein |
Død |
1971 (87 år) |
Yrke | professor, kartograf, geodet |
Lars Gunerius Loe (18. april 1883–8. januar 1971) var ein norsk jordskiftemann og professor og leiar for Noregs Landbrukshøgskule.
Loe var fødd på Holsækre i Ulstein herad, der faren var på vegarbeid. Han voks opp fleire stader. I tenåra fekk han seg teneste hos Ole Høstmark på storgarden Oppdøl i Bolsøy herad. Sidan tok han i 1906 eksamen ved jordskifteavdelinga på Noregs Landbrukshøgskule. Frå 1913 var han dosent i landmåling ved same institusjonen, professor 1919-54. Han var rektor på Landbrukshøgskulen frå 1934 til-45, med unnatak for tida 1942-44, då han var avsett frå posisjonen av okkupasjonsmakta.
Loe var med i fleire offentleg utval. Han var 1937-54 formann i Norges geografiske kommisjon, og ei tid av Norsk kartografisk forening. Åra 1932-34 var han oppnemnd gjeldsmeklingsmann. Han var også aktiv med i styringa av Ås heradskommune.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957