Lada
Lada | |||
| |||
| |||
Bransje | Maskinteknikk | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1966 | ||
Hovudkontor | Toljatti, Russland | ||
Land | Russland | ||
Produkt | bil | ||
Nettstad | https://www.lada.ru/ (russisk) |
Lada (russisk skrift Лaдa) er eit russisk (opphavleg sovjetisk) bilmerke produsert av AUTOVAZ (òg kjent som VAZ: Volzhsky Automobilny Zavod/ВАЗ: Во́лжский автомоби́льный заво́д). Lada var til å byrje med berre bruka i eksportsamanheng, medan merket Zhiguli stod for den same bilen i heimemarknaden. På 1980-talet blei namnet Lada òg innført i Russland. Hovudkvarteret til Lada ligg i Togliatti i Samara oblast.
Den svært rimelege «klassiske Ladaen», kjend som mellom anna Zhiguli, Lada Riva og Lada Classic blei selt i store mengder i Vest-Europa, men seinare modellar klarte ikkje å bli like populære. Nye avgifts- og avgassreglar sette ein endeleg stoppar for Lada-importen i dei fleste vest-europeiske land på midten av nittitalet.
Lada Niva er òg ein populær modell med firehjulstrekk og høg bakkeklaring. I dei seinare åra har Lada samarbeidt med General Motors, og Chevrolet har laga ein eigen versjon av Nivaen, Chevrolet Niva.
Modellar
[endre | endre wikiteksten]-
Lada Kalina.
-
Lada Kalina Sport.
-
Lada Priora
-
Lada Chevrolet Niva 2123
-
Sanitary Lada Niva 2131
-
Lada Revolution
- Lada 1300/1500/1600/2107 (1970-2004)
- Lada Niva (1977-)
- Lada Samara (Sputnik) (1984-2001)
- Lada 110 (også 111 og 112, frå 1996)
- Lada Revolution (konseptbil, 2003)
- Lada Kalina (2004-)
- Lada Priora (2007-)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisielt nettstad - AUTOVAZ AG Arkivert 2008-12-07 ved Wayback Machine.