Hopp til innhald

Klassisisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brandenburger Tor i Potsdam er ein triumfboge med korintiske søylar bygd rundt 1770 i klassisistisk stil.

Klassisisme er kulturelle straumdrag som hentar inspirasjon frå den gresk-romerske høgkulturen i antikken. Innan kulturhistoria viser nemninga særleg til 1700-talet, då klassiske ideal prega arkitektur, biletkunst, klede og musikk.

Ulike fagfelt kan bruke nemninga «klassisisme» om ulike tidsbolker, nemninga er brukt i arkeologien om klassismen under Hadrian og om den karolingiske renessansen800-talet. I kunsthistorien bruker ein nemninga om ei retning innan europeisk bygningskunst1500- og 1600-talet og om nyklassisismen i perioden 1770-1830 som gjaldt innan mange kunstartar.

Nyklassismen er blitt kalla «den eigentlege klassismen», og vert delt i to periodar: Louis 16-stilen frå 1770-90 og empire frå 1880-25.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Klassisisme

«klassisisme» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.