Kirsten Brunvoll
Kirsten Brunvoll | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1895 Lier kommune |
Død |
5. april 1976 (80 år) |
Yrke | skribent, politikar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Ektefelle | Jonas Brunvoll |
Born | Gunnar Brunvoll, Jonas Brunvoll |
Kirsten Olava Brunvoll, opphavleg Kirsten Olava Sørsdal, (24. desember 1895–1. januar 1976) var ein norsk dramatikar, forfattar og motstandskvinne under andre verdskrigen.[1]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Kirsten Brunvoll var dotter av Jørgen og Anne Sørsdal frå Lier i Buskerud. Ho var gift med Jonas Brunvoll og mor til Gunnar Brunvoll og Jonas Brunvoll.[2]
Andre verdskrigen
[endre | endre wikiteksten]Den første arrestasjonen
[endre | endre wikiteksten]Under den tyske okkupasjonen av Noreg, vart Kirsten Brunvoll, mannen Jonas og sonen Jonas den 28. oktober 1941 av norsk politi, medan 17 år gamle Gunnar kom seg unna.[3] Den andre sonen og ektemannen til Kirsten vart begge deporterte og sett i konsentrasjonsleir til dei vart frigjevne våren 1945.
Gunnar Brunvoll klarte å flykta frå landet. Fram til 1944 arbeidde han ved Den norske legasjonen sitt flyktningekontor i Stockholm. Deretter klarte han å koma seg til Canada og utdanna til seg krigsflygar i den norske treningsleiren Little Norway.
Kirsten Brunvoll sat i kvinnefengselet i Åkebergveien ei tid, med brevforbod, besøksforbod og forbod mot å søkja juridisk bistand.
Deportasjonen til tyske konsentrasjonsleirar
[endre | endre wikiteksten]Ho vart arrestert på nytt og internert på Grini, og deretter deportert til Hamburg den 16. februar 1943 med skipet «Lappland».[4] Lisa Segal og mor hennar, Fanny, var på same båt. I Hamburg vart dei sette i Hüttenfengselet. Medan dei var der, vart Hamburg bomba av allierte fly fleire gonger. Frå fengselet i Hamburg vart Brunvoll sendt til konsentrasjonsleiren Ravensbrück, og seinare vidare til Majdanek-leiren ved Lublin. Mot slutten av krigen vart ho evakuert frå Majdanek til Auschwitz og attende til Ravensbrück. Frå Ravensbrück vart ho henta av Bernadotte sine kvite bussar.[4][5]
Etter krigen
[endre | endre wikiteksten]Kirsten Brunvoll skildra opplevingane i dei tyske konsentrasjonsleirane i boka Veien til Auschwitz, som kom ut første gong i 1947. Ho var ei av tre norske kvinner i Majdanek.[6] Under Auschwitz-rettssakene i Warszawa vitna ho saman med Kai Feinberg.[7]
Etter krigen enda ho virket som dramatikar og forfattar.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Dramatikk
[endre | endre wikiteksten]- 1932: Brunvoll, Kirsten: Forviklinger : lystspill i to akter, Aschehoug forlag[8]
- 1934: Brunvoll, Kirsten Tre ulykkelige : skuespill i 2 akter, Aschehoug forlag[9]
- 1936: Brunvoll, Kirsten: Kamerater : seks sketcher for Framlagene og andre barnelag, Tiden Norsk Forlag/Arbeiderteatret[10]
- 1938: Brunvoll, Kirsten: Har De sett min sønn : skuespill i 3 akter, Tiden Norsk Forlag[11]
- 1938: Brunvoll, Kirsten: Sjømenn går ombord : lystspill i 6 avd, Aschehoug forlag[12]
- 1939: Brunvoll, Kirsten: Enebarn : skuespill i 2 akter, Aschehoug forlag[13]
- 1948: Brunvoll, Kirsten: Det spøker : lystspill i 1 akt, Aschehoug forlag[14]
- 1948: Brunvoll, Kirsten: På venteværelset : komedie i 2 akter, Aschehoug forlag[15]
Om opplevingane under krigen
[endre | endre wikiteksten]- 1945: Brunvoll, Kirsten: Helvedet Auschwitz, forord i den norske oversettelsen av Tyve måneder i Auschwitz av polske Pelagia Lewinska[16]
- 1947: Brunvoll, Kirsten: Veien til Auschwitz. Oslo: Aschehoug,. 2. opplag 1993 ISBN 8203172369[17]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dåp Kirsten Olava, digitalarkivet, lest 28. november 2015.
- ↑ «Gunnar Brunvoll – Norsk biografisk leksikon». Henta 28. november 2015.
- ↑ Brunvoll s. 13
- ↑ 4,0 4,1 Bruland, Bjarte: Øyenvitner. Lysaker: Dinamo forlag, 2012.
- ↑ Brunvoll, Kirsten: Veien til Auschwitz. Oslo: Aschehoug, 1947.
- ↑ Dagbladet, 21. april 2012, s. 25.
- ↑ «Forfatterprofil: Kirsten Brunvoll (Arkivert kopi)». Aschehoug forlag. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 28. november 2015.
- ↑ «Forviklinger : lystspill i to akter», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Tre ulykkelige : skuespill i 2 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Kamerater : seks sketcher for Framlagene og andre barnelag», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Har De sett min sønn : skuespill i 3 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Sjømenn går ombord : lystspill i 6 avd», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Enebarn : skuespill i 2 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Det spøker : lystspill i 1 akt», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «På venteværelset : komedie i 2 akter», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Tyve måneder i Auschwitz», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Veien til Auschwitz», www.nb.no, henta 12. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Kirsten Brunvoll» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.