Kaukasushjort
Utsjånad
Kaukasushjort | |
Kaukasushjort | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Hjortedyr Cervidae |
Slekt: | Cervus |
Art: | Hjort C. elaphus |
Underart: | Kaukasushjort C. e. maral |
Vitskapleg namn | |
Cervus elaphus maral |
Kaukasusmaral eller maralhjort (Cervus elaphus maral) er den austlegaste underarten av hjort og lever i områda mellom Svartehavet og Kaspihavet i område som Krimhalvøya, Litleasia, Kaukasusfjella og nordvestre Iran. Ordet maral tyder 'hjort[eku]' på fleire sentralasiatiske språk, og blir også brukt om nokre typar wapiti (Cervus canadensis).
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Hjortane har kraftig kroppsbygnad og mørk gråleg vinterpels og raudleten sommarpels. Dei har ein lysegul flekk på baken og mørkebrune eller svarte lår, skuldrer og underside. Bukkar brøler som europeiske hjortar, men har store, femtakka gevir av same storleik som det til austasiatisk/nordamerikansk wapiti. Maralane liknar òg på wapiti gjennom den store flekken på baken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «East European red deer» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Kaukasushjort i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Kaukasushjort hos ITIS
- (en) Kaukasushjort hos NCBI
- (en) Kategori:Cervus elaphus maral – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cervus elaphus maral – detaljert informasjon på Wikispecies