Hopp til innhald

Jungel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jungel i Box Log Falls, Lamington nasjonalpark i Queensland i Australia.

Ein jungel er ein tett skog i eit varmt klima, slik som tropisk regnskog. Namnet stammar frå hindi jaṅgal og sanskrit jangala, 'tørt område'.[1]

Ordet «jungel» vert nytta i mange språk på det indiske subkontinentet om tropisk regnskog eller sumpland. Ikkje alle skogar som blir kalla junglar er regnskogar; mange vil nytta ordet jungel om skogane i det nordlege Thailand eller det sørlege Guangdong i Kina, som i vitskapleg forstand er monsunskogar.

Jungel vert òg nytta i omgrep som «jungellov» og «jungeltelegraf», og i overført tyding som «ein jungel av lover og reglar».[2]

  1. Hoad, T. F. (2003). Hoad, T. F., red. «jungle» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-283098-2. 
  2. «jungel%» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jungel
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.