Jonathan Bornstein
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Jonathan Rey Bornstein | ||
Fødd | 7. november 1984 | ||
Fødestad | Torrance | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Venstreback, midtbane | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | UANL | ||
Nummer | 8 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2002-03 2004-05 |
Cal Poly Pomona Broncos UCLA Bruins | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2006-10 2011- |
Chivas USA UANL |
123 (9) 0 (0) | |
Landslag | |||
2007- | USA | 36 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. oktober 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2010 |
Jonathan Rey Bornstein (fødd 7. november 1984 i Torrance i California) er ein amerikansk fotballspelar som har spela for Tigres de la UANL i den mexicanske fotballigaen, og for det amerikanske landslaget. Han spelte heile den profesjonelle karrieren sin for Chivas USA i Los Angeles, fram til han drog til Mexico etter 2010-sesongen. I den første sesongen sin i klubben vart han kåra til årets nykommar i MLS. Han debuterte for USA sitt A-landslag 20. januar 2007 i ein kamp mot Danmark, og skåra i same kampen. Han er av blanda jødisk og mexicansk opphav.