John Wyndham
John Wyndham | |
Pseudonym | John Wyndham, John Beynon, Lucas Parkes |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 10. juli 1903 Dorridge |
Død |
11. mars 1969 (65 år) |
Yrke | science fiction-forfattar, romanforfattar, skribent, manusforfattar, kunsthandler |
Sjanger | science fiction-litteratur |
Far | George Beynon Harris |
Mor | Gertrude Hunt Parkes |
John Wyndham Parkes Lucas Beynon Harris (10. juli 1903–11. mars 1969) var ein britisk science fiction-forfattar som hovudsakleg var kjend under namnet John Wyndham. Tidleg i den skrivande karrieren sin brukte han forskjellige namnekombinasjonar, som John Beynon og Lucas Parkes. Boka The Outward Urge blei gitt ut med to namn: John Wyndham og Lucas Parkes, som om han var to forfattarar i samarbeid.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Etter skuletida (1921), studerte Wyndham landbruk. Han ombestemte seg og ville studera ved University of Oxford, med økonomisk støtte frå familien. I 1925 bestemte han seg for å skriva etter å ha prøvd seg i ulike rolle, som bonde, med juss og med reklame. På 1930-talet skreiv han jamleg for amerikanske tidsskrift, såvel krim som science fiction.
Broren hadde gjort suksess med fire bokutgjevingar, noko som inspirerte Wyndham til å legga om stilen til boka The Day of the Triffids. Denne slo svært godt an og etablerte Wyndham som eksponent for science fiction i England. Boka kom òg på norsk, og blei sendt som høyrespel i NRK.[1]
Etter eit 20 årig kjennskap, gifta han seg med Grace Wilson i 1963. Han flytta då ut frå den litterære klubben sin og kjøpte eit hus nær Petersfield i Hampshire i nærleiken av den gamle kostskulen sin Bedales School.
Hovudverk
[endre | endre wikiteksten]- The Day of the Triffids
- The Kraken Wakes, utgitt i USA som Out of the Deeps.
- The Chrysalids, utgitt i USA som Re-Birth. Blei høyrespel i BBC Radio 4 tidleg i 1980-åra.
- The Midwich Cuckoos, to filmatisert to gonger som Village of the Damned.
- Trouble with Lichen
- Chocky, grunnlag for ein TV-serie for Thames Television.
- Web
Bibliografi (utval)
[endre | endre wikiteksten]Romanar
[endre | endre wikiteksten]- Foul Play Suspected (1935)
- The Secret People (1935)
- Planet Plane (også kjent som Stowaway to Mars, 1936)
- The Day of the Triffids, norsk tittel I trifidenes dager (Gyldendal Norsk Forlag 1955)
- The Kraken Wakes (også kjent som Out of the Deeps, 1953), norsk tittel Invasjon fra dypet (Fredhøis Forlag 1969) ISBN 82-04-00273-4
- The Chrysalids (også kjent som Re-Birth, 1955)
- The Midwich Cuckoos (1957)
- The Outward Urge (1959)
- Trouble with Lichen (1960)
- Chocky (1968, gjort om til en fjernsynsserie for barn på ITV i 1985)
Posthum roman
[endre | endre wikiteksten]- Web (1979), gitt ut av bustyret
Novellesamlinger
[endre | endre wikiteksten]- Jizzle (1954)
- The Seeds of Time (1956)
- Tales of Gooseflesh and Laughter (1956)
- Consider Her Ways and Others (1961)
- The Infinite Moment (1961)
Posthume samlingar
[endre | endre wikiteksten]- Sleepers of Mars (1973)
- The Best of John Wyndham (1973)
- Wanderers of Time (1973)
- Exiles on Asperus (1979)
- No Place like Earth (2003)
Høyrespel
[endre | endre wikiteksten]- Revolt of the Triffids (1951), norsk tittel I trifidenes dagar (NRK Lydbokforlaget 1999) ISBN 9788242108531
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ I trifidenes dager, NRK, første gang sendt 1969
- Denne artikkelen bygger på «John Wyndham» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The John Wyndham Archive, Universitetet i Liverpool.
- «John Wyndham», The Guardian
- Priest, Christopher: Portrait of Wyndham and Wells, UK: Tiscali