Joachim Frich
Joachim Frich | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juli 1810 Bergen |
Død |
29. januar 1858 (47 år) |
Yrke | kunstmålar, illustratør |
Joachim Frich på Commons |
Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich (17. juli 1810–29. januar 1858) var ein norsk kunstmålar. Frich var ein kjend kunstnar i si samtid, mellom anna fordi han budde i Noreg (Kristiania). Han vert rekna som ein sentral kunstnar i den nasjonalromantiske stilen.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Frich var frå Bergen, son av ein kjøpmann. Han var elev ved kunstakademiet i København, før han studerte vidare hos J. C. Dahl i Dresden og deretter i München. Frich var ein av dei fyrste kunstmålarane som valde å slå seg ned i Noreg.
Heilt frå unge år var han på ei rekke reiser i Noreg. Basert på skisser frå desse turane laga han ei mengd akvarellar av norske folkedrakter, desse danna grunnlaget for Aagot Noss si bok Joachim Frichs draktakvarellar (1973).
I seinare år vart Frich påverka av Düsseldorfskulen, noko som førte til ein gyllen grunntone i bileta og meir teatralske motiv. Han vart mest kjend for ein serie med seks målarstykke av norske landskap i lystslottet Oscarshall på Bygdøy i Oslo, måla i 1850, og kanskje særleg for dei mange illustrasjonane han laga til Christian Tønsbergs bøker Norge fremstillet i Tegninger (1846 og 1848).
Han døydde i Kristiania.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.
- Bokmålswikipedia