Jernbanebru
Utsjånad
Jernbanebru eller jarnbanebru er ei bru utforma slik at jernbanetog kan køyre over.
Denne typen bruer set ekstra krav til stivheit i konstruksjonen. Fordi sjølve toga veg mykje meir enn bilar må materiala tole stort trykk og store strekkkrefter.
Gjennomgåande ballast
[endre | endre wikiteksten]På moderne bruer blir det lagt gjennomgåande ballast av gradert pukk. Dette fordi at det skal vere ein fjørande verknad langs heile jenbanetraseen. Ein vil då kunne hindre at det blir endringar i underlaget på grunn av ujamnskapar (rykk og vindskjeivheiter). Ein vil då kunne køyre høgfartstog over bruene utan å måtte redusere farten.
Jernbanebruer i Danmark
[endre | endre wikiteksten]Mellom dei mest kjende danske jernbanebruene er den gamle Lillebæltsbro og Storstrømsbroen som begge er kombinerte veg- og jernbanebruer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jernbanebro» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Europas jernbanebroer undersøkes Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.