Hopp til innhald

Hermann Weyl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermann Klaus Hugo Weyl

FøddHermann Klaus Hugo Weyl
9. november 1885
Elmshorn i Tyskland
Død8. desember 1955 (70 år)
Zürich i Sveits
NasjonalitetDet tyske keisardømet, Weimarrepublikken, USA, Sveits, Tyskland
OmrådeMatematisk fysikk
Yrkematematikar, fysikar, filosof, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Institute for Advanced Study
Universitetet i Göttingen
Eidgenössische Technische Hochschule Zürich
Alma materUniversitetet i Göttingen
DoktorgradsrettleiarDavid Hilbert
Kjende studentarSaunders Mac Lane
BarnFritz Joachim Weyl, Michael Weyl
MedlemRoyal Society
Det pavelege vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Physical Society
London Mathematical Society
Det bayerske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Signatur

Claus Hugo Hermann Weyl (9. november 18858. desember 1955) var ein tysk-amerikansk matematikar og professor i Göttingen i 1930–1933 og sidan ved Institute for Advanced Study i Princeton. Det vitskaplege arbeidet hans spenner over matematikk, fysikk og filosofi. Av dei mange bøkene hans finn ein Raum, Zeit, Materie (1921), Gruppentheorie und Quantenmechanik (1928), The Open World (1932), Mind and Nature (1934), The Classical Groups (1939), Philosophy of Mathematics and Natural Science (1949). Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abel-minnefesten 1929.

«Claus Hugo Hermann Weyl» i Store norske leksikon, snl.no.