Hellandsbygd
Utsjånad
Hellandsbygd er ei bygd og ein liten tettstad i Sauda kommune, ved riksveg 520 mot Røldal. Hellandsbygd ligg ved Storlivatnet kring 16 km frå Sauda sentrum. I bygda ligg det ein liten skule, kapellet Hellandsbygd kapell og fleire vasskraftverk. Sauda I er det eldste kraftverket frå 1920. Sauda IV vart opna i 1970. Kraftverka leverer mellom anna straum til Sauda Smelteverk. Røldalsvegen mellom Hellandsbygd og Røldal er vinterstengd.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Stokka, Magnus (28. mars 2020), «Stort steinras i Sauda – bygd isolert», NRK, henta 13. april 2020
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hellandsdalen i Store norske leksikon