Haldis Havrøy
Haldis Havrøy | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juli 1925 Hadsel |
Død |
10. september 2000 (75 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Haldis Havrøy, opphavleg Haldis Pettersen, (28. juli 1925–10. september 2000) var ein norsk arbeidar og politikar, fødd i Hadsel i Nordland, der far hennar arbeidde som kaiformann. Ho representerte Oslo og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1973 til 1981.
Havrøy var busett i Oslo, der ho i åra 1951-58 var vaskehjelp ved Mustad fabrikker. Frå 1959 til -61 var ho styrar av kantina ved Østlandske fryserier, og deretter ekspeditrise ved Oslo samvirkelag til 1964. Ho arbeidde så som kontorist i ASEA-Per Kure A/S til 1967, og og 1970-71 ved Arbeiderbevegelsens utredningskontor. Åra 1971-73 var ho bokhalder hos A/S Idekommunikasjon.
Hausten 1973 vart Havrøy vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Oslo, og tok sete i sosialkomiteen. Etter ho vart attvald i 1977, flytta ho over i industrikomiteen.