Grasøyane fyrstasjon
Grasøyane fyrstasjon Foto: Riksantikvaren | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Ulstein | ||
Funksjon | Innseglingsfyr | ||
Oppretta | 1886 | ||
Koordinatar | 62°25.8435′N 5°45.5438′E / 62.4307250°N 5.7590633°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 20,5 | ||
Form | Raudt tårn med eitt kvitt belte | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To okkulterande glimt kvart 8. sekund | ||
Lyshøgd | 28,8 moh. | ||
Lysvidde | 12,6 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1986 | ||
Avfolka | 1986 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Grasøyane fyrstasjon 62°25′51″N 5°45′33″E / 62.430806°N 5.759056°E | |||
Grasøyane fyrstasjon er eit fyr som ligg på Grasøya i Ulstein kommune på Sunnmøre. Fleirtalsforma Grasøyane viser til dei omlag jamstore øyane Grasøya og Skjærvøya.
Fyrstasjonen har to fyrtårn. Det eine står i den opphavlege fyrbygningen i tre med tårn i hjørnet og vart bygd i 1886. Det andre er eit 16 meter høgt støypejernstårn frå 1950, det siste som vart bygd i landet. Tretårnet vart skadd under eit flyåtak i 1945. Stasjonen får straum frå eit solcellepanel. Fyrstasjonen vart avbemanna og automatisert i 1986.
I tillegg har fyrstasjonen maskinhus, uthus og ein finn tufter etter assistenbustad, samt landing med ei lang bryggje i ei langgrunn fjøre.
Fyrstasjonen ligg innanfor området som er dekt av Runde naturreservat og er verna etter lov om naturvern. I tillegg har fyrstasjonen fyrhistorisk verdi med to generasjonar fyrtårn, og er derfor òg freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008 - side 292» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Grasøyane fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Grasøyane fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren