Gottlieb
Utsjånad
Gottlieb er eit tysk førenamn og slektsnamn. Det er som regel ei omsetjing av det greske namnet Theophilos (ein som elskar Gud), men kan òg bygga på det gamle germanske namnet Goteleib, sett saman av Got, 'gud' og leiba, 'son'.
Namnet har vore brukt av jødar sidan mellomalderen, og blei populært blant kristne på 1600-talet.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Fabian Gottlieb von Bellingshausen (1778 - 1852), russisk oppdagar
- Gottlieb Daimler (1834 - 1900), tysk bilpioner
- Adolph Gottlieb (1903 - 1974), amerikansk målar