Hopp til innhald

Gjøvikbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjøvikbanen mellom Oslo Sentralstasjon og Gjøvik heitte eigentleg Nordbanen. Strekninga frå Grefsen stasjon (i Oslo) til Røykenvik vart opna 18. desember 1900, og strekningane frå Jaren til Gjøvik og frå Kristiania Østbanestasjon (Oslo Ø) til Grefsen stasjon vart opna 26. november 1902.

Gjøvikbanen, som er elektrisk drive og einspora (dobbeltspora på ei stutt strekning mellom Grefsen stasjon og tilknytinga til spora inn på Oslo Sentralstasjon), er viktig både for persontrafikken mellom Oslo og Gjøvik, for lokaltrafikken mellom bustadsområda og verksemdene i Nittedal kommune og Oslo, og for godstransporten mellom Oslo og Bergen på strekninga mellom Oslo og Roa stasjon, der Roa-Hønefosslinja mellom Roa og Hønefoss stasjon knyter Gjøvikbanen til Bergensbanen. Gjøvikbanen har samband med terminalen og skiftestasjonen for godstog på Alnabru i Oslo over Alnabanen, som tek av frå Gjøvikbanen på Grefsen stasjon i Oslo.

På Grefsen stasjon er det òg eit sidespor som knyter Gjøvikbanen til T-banenettet i Oslo, slik at vedlikehaldsmaskinar kan køyrast frå jarnbanen inn på T-banenettet, som har den same sporbreidda. Men persontoga frå jarnbanen kan ikkje nyttast i T-banenettet.

Før Oslotunnelen vart bygd og Oslo Sentralstasjon opna, var det var to åtskilde endestasjonar i Oslo, Oslo V og Oslo Ø, for kvart sitt nett av jarnbanelinjer. Gjøvikbanen var knytt til Oslo Ø, og ved at Bergensbanen var knytt til Gjøvikbanen på Roa, var Oslo Ø stasjonen for toga mellom Oslo og Bergen. Alle toga mellom Oslo og Bergen gjekk over Roa lenge etter at Oslotunnelen og sentralstasjonen var bygd. Men no blir ruta over Roa stort sett berre brukt av godstoga på Bergensbanen, medan persontoga mellom Bergen og Oslo går over Drammen mellom Hønefoss og Oslo Sentralstasjon. Roa-Hønefosslinja har heilt frå opninga vore ein del av Bergensbanen, men etter at strekninga hovudsakleg har vorte ei godstoglinje, har ho fått sitt eige namn.

Gjøvikbanen hadde tre sidelinjer: Røykenvikbanen, Valdresbanen og Skreiabanen. Alle er i dag nedlagt.

Raufoss stasjon
Reinsvoll stasjon
Jaren stasjon
Lunner stasjon
Nittedal stasjon
Movatn stasjon
Foto: C. Hill, 2007
Snippen haldeplass
Foto: C. Hill, 2007
Kjelsås stasjon
Nydalen haldeplass
Grefsen stasjon
Oslo S
Teiknforklaring
Vis alt Vis oversikt +
123,83 km Gjøvik (1902)
Hunnselva (29 m)
Industrispor
Gjøvikbanen Lillehammervegen (76 m)
122,45 km Norsk olje
Kirkeby (1929)
121,40 km Øveraasen motorfabrikk
33 Minnesundvegen (ca. 80 m)
Kolonien (1929)
119,38 km Nygard (1902 - 11. juni 2006)
Nygardsbakken
Taubaneveien
Skogli (1929)
Gjøvikbanen
115,11 km Breiskallen (1902)
Myhre (1929)
Solhaug (1929)
Raufoss torv (1929)
Fv82 Østvollvegen
Korterudsvingen
111,70 km Raufoss (1901)
Hunnselva
Industrispor
Løvåsbakken
Gjøvikbanen (ca. 70 m)
Roksvoll (1929)
246 Røstøenvegen (28 m)
106,65 km Reinsvoll (1901)
Skreiabanen
Gjøvikbanen
Bruflat (1929)
Fiskevollen (1940)
100,89 km Eina (1901)
Einavatnet (21 m)
Skjelbreiaveien
Valdresbanen
Strømstadelva (ca. 20 m)
96,93 km Hågår (1901)
91,80 km Kutjern (1902)
86,12 km Hennung (1923 - juni 2006)
81,23 km Bleiken (1901)
Fv44 Hennungvegen
34 Røykenviklinna
Røykenvikbanen (1900-1957)
71,92 km Jaren (1900)
69,60 km Nordtangen (1961 - juni 2006)
67,66 km Gran (1900)
Vigga (ca. 15 m)
Haslerudgutua
61,13 km Lunner (1900)
Gjøvikbanen
Blåsbortveien
Roa–Hønefosslinja
57,74 km Roa (1909)
Røste (172 m)
Kleiva (197 m)
53,39 km Grua (1901)
Grua (278 m)
50,47 km Rundelen (1964 - juni 2006)
Fjellhammerveien
49,11 km Bjørgeseter (1902 - juni 2006)
47,18 km Viubråtån (1937)
45,74 km Harestua, opphavleg namn: Furumo (1984)
44,03 km Harestua, nedlagd, no: Monsrud kryssingsspor (1901)
40,83 km Stryken (1917) ikkje dagleg trafikk
Gjøvikbanen Hadelandsveien
Hakadalselva (21 m), grense OpplandAkershus
36,00 km Jensrud blokkpost
34,48 km Elnes (1939 - juni 2006)
32,07 km Hakadal (1900)
30,35 km Varingskollen (1934)
Fjellveien
27,73 km Åneby (1905)
Åneby (177 m)
24,26 km Nittedal (1900)
Movatn (175 m)
grense AkershusOslo
19,34 km Movatn (1927)
17,68 km Snippen (1934)
15,85 km Sandermosen (1909 - juni 2006)
Rådalen II (24 m)
Rådalen I (55 m)
sidespor til Kjelsås Bruk
10,28 km Kjelsås (1900)
Kjelsåsveien (ca. 17 m)
Gjøvikbanen Rolf Wickstrøms vei (26 m)
Sandakerveien (ca. 8 m)
Christiania Spigerverk
8,13 km Nydalen (1946)
Storo bru
Storo T-banestasjon (2003)
Sidespor knytt til T-banen i Oslo (2003?)
6,82 km Grefsen (1900)
Hans Nielsen Hauges gate (22 m)
Sinsen T-banestasjon (2006)
Gjøvikbanen Trondheimsveien
Sinsen
Kornmagasin
Båhusveien
Alnabanen til Alnabru
Sinsenveien
Hasleveien
4,96 km Tøyen blokkpost
Grenseveien (ca. 18 m)
4,45 km Tøyen (1904)
Økernveien (ca. 10 m)
Hovinveien (ca. 20 m)
Fellesstrekningen i aust på T-banen i Oslo
Ensjøveien (ca. 20 m)
Ensjø T-banestasjon (1966)
Rolf Hofmoes gate (ca. 10 m)
Strømsveien
Etterstad (ca. 400 m)
Gardermobanen (ett spor)
Hovudbanen
2,57 km Etterstad Gardermobanen (to spor)
Enebakkveien (ca. 16 m)
2,17 km Kværner (1958 - 1977)
Gjøvikbanen (1987, 34 m)
Vålerenga Hovudbanen
1,69 km Hovudsignal 249
St. Hallvards gate
Oslo gate (ca. 20 m)
Gjøvikbanen
Grønland Østfoldbanen
Gjøvikbanen Nylandsveien
0,27 km Oslo S (1854)
Oslotunnelen (1980)
til Skøyen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]