Gamvik kommune
Gamvik kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Mehamn | ||
Areal | 1 416,34 km² | ||
• land | 1 357,94 km² | ||
• vatn | 58,4 km² | ||
Folketal | 1 070 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ragnhlid Vassvik (Ap) | ||
Kommunenr. | 5626 | ||
Gamvik kommune 70°55′00″N 28°03′00″E / 70.916667°N 28.05°E | |||
Kart som viser Gamvik kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Gamvik | |||
Nettstad: www.gamvik.kommune.no |
Gamvik (nordsamisk Gáŋgaviikka gielda, kvensk Gamvik komuuni) er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark fylke. Kommunen ligg på austdelen av Nordkinnhalvøya. Han grensar mot nabokommunane Lebesby i vest og Tana i sør, medan han har kyst mot Tanafjorden i aust.
Administrasjonssenteret i kommunen er Mehamn, der ein også finn Mehamn lufthamn.
Kommunen blei danna i 1914, då dåverande Tana herad blei delt i tre.
Det høgaste fjellet er Duolbagáisá på 672 moh.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Spor etter tidlegare busetjingar viser at område i kommunen har vore folkesette for over 10 000 år sidan. Fiske og jordbruk har i lang tid vore livsgrunnlaget for både fastbuande og sesongarbeidarar. Spesielt var god hamn og den korte avstanden til fiskefelta viktig. Pomorhandelen, som varte fram til 1917, bestod stort sett av bytehandel med russarane og karelarane. Fisk blei bytt mot mjøl, tømmer og andre varer.
Frå 1885 til 1899 bygde og dreiv kvalfangarpioneren og harpunoppfinnaren Svend Foyn her. Frå 1900-1903 var Tanen hvalfangerselskab i drift. Fabrikken var den største i sitt slag i Finnmark. Då fisket slo feil på slutten av 1800-talet, la fiskarane skulda på kvalfangsten. Den 2. juni 1903 gjekk 1200 fiskarar til åtak på fabrikken og reiv han ned. Dette opprøret blir kalla «Mehamn-opprøret». For fyrste og einaste gong i nyare tid sette norske styresmakter inn regulære militære styrkar for å halda oppe lov og orden. Fabrikken blei aldri bygd opp igjen, men Mehamn fekk ein sentral plass i kvalfangsthistoria.
Mot slutten av andre verdskrigen, 6. mai 1945, blei seks sivile, uvæpna fiskarar torturerte og skotne av tyske soldatar.[1]
Den første flystripa i kommunen var i fiskeværet Gamvik. Denne blei etablert i samarbeid mellom Røde Kors Hjelpekorps og A/S Varangfly, seinere Norving, som ambulanse- og taxiflystripe i 1971. Gamvik lufthamn er no nedlagt.[treng kjelde]
Tettstader i kommunen
[endre | endre wikiteksten]- Mehamn - 703 innbyggjarar per 1. januar 2023
Andre tettastader er Skjånes, Langfjordnes, Nervei og Gamvik.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for Gamvik kommune frå 1920:
1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1599 | 1663 | 1610 | 1736 | 1762 | 1682 | 1606 | 1398 | 1269 | 1009 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dalfest, Terje & Askheim, Svein. Gamvik (2. juni 2013), Store norske leksikon. Henta 12. mai 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Gamvik kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2014.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Klo, Allan; Nordvåg, Hanne Bernhardsen. Den sivile vaktstyrken ble drept – beklagelsen lar vente på seg (22. august 2020) NRK
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Gamvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå