Hopp til innhald

Frode Fjellheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frode Fjellheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1959 (65 år)
Mosjøen
Yrke jazzmusikar, komponist, pianist, musikkprodusent, arrangør, vokalist
Medlem av Transjoik
Frode Fjellheim på Commons

Frode Fjellheim (fødd 27. august 1959 i Mosjøen) er ein norsk sørsamisk musikar (piano og synthesizer) og vokalist (joik). Fjellheim er utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium (1980–84) og busett i Trondheim der han har vore frilansmusikar og komponist, bl.a. i oppsetningar ved Trøndelag Teater, med Rikskonsertane.

Han har skrive bestillingsverk til bl.a. Festspela i Nord-Noreg (2000) og Telemarkfestivalen (Sørsamar rundt Hardangervidda med bl.a. Transjoik, 2003), og Vinterfestuka i Narvik (Àhkunjárga eller Tøtta sitt ness, 2006).

Sidan 1997 har han òg komponert filmmusikk for NRK og Lars Rasmussen sine barnefilmar.

På 1990-talet gav han ut plater med «Jazz Joik Ensemble»; i dag er bandet kjent under namnet «Transjoik», som har fire plateutgjevingar. Fjellheim var òg med i «Tango Concertino».

Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er Iren Reppen, Annbjørg Lien, Sverre Porsanger, Ella Holm Bull, Tone Hulbækmo, Ulla Pirttijärvi og Kolbjørn Botten. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, Vuelie.

Fjellheim komponerte opningslåten til Disney-filmen Frost (Frozen) frå 2013.[1]

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Sangen vi glemte – Mijjen Vuelieh, (Iđut 1991)
  • Frode Fjellheims Jazz Joik Ensemble, Saajve Dans (Iđut 1994)
  • Joik for kor, (Vuelie 2002)
  • Aejlies Gaaltije – den hellige kilden (Vuelie 2004)
  • Med joik som utgangspunkt, (Vuelie 2004)
  • Biejjien vuelie – Solkvad (2013)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Disney-suksess for sørsamisk musiker». NRK Sápmi. 9. januar 2015. 
  2. «Fikk Spellemannspris». Sámi Radio. 28. februar 2005. 
  3. Adresseavisen (9. januar 2015). «Fjellheim fikk med publikum på joik». Henta 23. desember 2015. 
  4. Trønder-Avisa (30. oktober 2015). «Fjellheim får Hilmar Alexandersens musikkpris». Arkivert frå originalen 23. desember 2015. Henta 23. desember 2015. 
  5. ffuk.no. «Markering av fondets 60-årsdag». Henta 18. februar 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]