Fløibanen
Fløibanen | |
Transporttype | Kabelbane |
Stad | Bergen i Noreg |
Opna | 15. januar 1918 |
Drift | |
---|---|
Eigar | Fløibanen AS |
Operatør | Fløibanen AS |
Sporlengde | 850 m |
Sporvidde | 1 m |
Linjer | 1 |
Stasjonar | 5 |
Passasjertal | 1,2 millionar årleg |
Vognmateriell | |
Vognar | 2 |
Høgste fart | 20 km/t |
Høgste fart i drift | 14 - 20 km/t |
Passasjerar | 100 |
Fløibanen er den einaste skjenegåande kabelbanen i Skandinavia for persontransport.
Banen går frå sentrum (Vetrlidsallmenningen) til Fløyfjellet med Fløien Folkerestaurant. Fløibanen er ein av dei største og mest vitja turistattraksjonane i Bergen og har årleg om lag ein million påstigingar. Banen vart bygd etter mønster av liknande banar i Sør-Tyskland, Italia og Sveits. Byggjearbeida starta i 1914 og banen vart offisielt opna i 1918. To vogner som kvar rommar om lag 100 passasjerar køyrer mellom Bergen sentrum og Fløyen året rundt. Banelengda er 844 m og banen har ei stiging på mellom 15 og 26°. Høgdeskilnaden mellom nedre og øvre stasjon er 302 m.
Linjekart
[endre | endre wikiteksten]Teiknforklaring | |||
Fløien | 320 moh. | ||
Stopp utan av-/påstiging (for motgåande stopp ved Proms gate) | |||
Skansemyren | 181 moh. | ||
Fjellveien | 114 moh. | ||
Proms gate | 59 moh. | ||
Vetrlidsallmenningen (Sentrum) | 18 moh. |
Kuriosa
[endre | endre wikiteksten]Ein liknande kabelbane finst òg i hovudstaden Wellington på New Zealand, og der er òg ein stutt kabelbane opp mot Montmartre i Paris i Frankrike.
-
Nedre stasjon (Sentrum stasjon) i Vetrlidsallmenningen.
-
Fløibanen, 1999
-
Fløibanen, 30. september 2006
-
Fløibanen, 26. mai 2008
-
Fløibanen, 23. juni 2008
-
Fløibanen, 9. juli 2008
-
Fløibanen, 3. februar 2009