Filmprodusent
Filmprodusent er den øvste administrative leiaren for å laga ein film.[1] Produsenten har det praktiske overblikket over filmproduksjonen, og administrerer filmen frå idéfasen til det ferdige produktet.[2] Produsenten har også det økonomiske ansvaret i høve til produksjonsselskapet. Dessutan har produsenten ansvaret for å tilsetja filmteam og skodespelarar, for ein produksjonsplan og avvikling av opptaksperioden og typisk også distribusjon av filmn.
Typar
[endre | endre wikiteksten]Ein associate producer er ein daglEg administrator med ansvar for at budsjettet til filmen blir halde og utgifter betalte. Ein associate producer kan også ta del i utviklinga av eit manuskript.
Ein executive producer eller administrerande produsent er den øvst økonomisk ansvarlege og representanten for produksjonsselskapet. Produsenten organiserer prosjektet og finansieringa. I USA overvaker ein produsent typisk fleire filmar administrativt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Frequently Asked Questions - Producers Guild of America». www.producersguild.org. Arkivert frå originalen 7. april 2010. Henta 19. mars 2017.
- ↑ Producer Den Danske Filmskole. Henta 11. juni 2009 via web.archive.org
- Denne artikkelen bygger på «Filmproducer» frå Wikipedia på dansk, den 10. november 2019.