Femtiøring
Femtiøring eller femtiøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1874 til 2012.
Mynten har på adversen hatt eit portrett av den regjerande monarken, ei riksløve, eller fire kongemonogram mot kvarandre. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgjeve av olavsmerket og med teksten «NORGE».
På reversen hadde mynten dei to fyrste åra teksten «50 øre/15 sk» og eit riksvåpen, sidan «50 øre» i ulike variantar kombiert med riksvåpen eller kongekrone, før mynten frå 1958 til 1973 hadde biletet av ein buhund og teksten «50 øre-Norge». Frå 1996 hadde reversen hatt bilete av eit fabeldyr frå portalen på Urnes stavkyrkje, og til høgre for motivet teksten «50 ØRE, NOREG» og pregeåret i omskrift. 50-øringen frå 1996 var den fyrste norske mynten med nynorsk tekst.
Frå 1924 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskiljemynt med hol midt i mynten. Då dei byrja å prege myntar med hol, vart eldre skiljemyntar i koparnikkel, prega mellom 1920 og 1923, gjennomhola i ettertid.
50-øringen slutta å vere tvunge betalingsmiddel 1. mai 2012 av di han i praksis ikkje lenger sirkulerte som ein ordinær betalingsmynt.[1] Kontant oppgjer vil no avrundast til næraste heile krone.
Myntherre | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta år | Kunstnar |
---|---|---|---|---|---|
Oskar II | sølv | 5,00 g | 3,00 | 1874-1904 | |
Håkon VII | sølv | 5,00 g | 3,00 | 1909-1919 | |
Håkon VII | koparnikkel | 4,80 g | 1920-23,1926-41, 1945-49, 1953-57 | ||
Håkon VII | nikkelmessing | 4,80 g | 1942 | ||
Okkupasjonsmynt | sink | 4,00 g | 1943-1945 | ||
Olav V | koparnikkel | 4,80 g | 1958-1973 | Per Palle Storm | |
Olav V | koparnikkel | 4,80 g | 1974-1991 | Øivind Hansen | |
Harald V | koparnikkel | 4,80 g | 1992-1996 | Øivind Hansen | |
Harald V | kopar | 3,60 g | 1996-2012 | Grazyna Jolanta Lindau |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3
- Referansar
- ↑ Noregs Bank: «50-øringen fjernes i 2012», arkivert frå originalen 16. mars 2013, henta 22. mars 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- 50 øre Harald V Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.
- 50-øre Haakon VII
- Norges Bank - 50-øringen fjernes 1. mai 2012 Arkivert 2013-03-16 ved Wayback Machine.