Father and Son
Father and Son Singel av Cat Stevens frå albumet Tea for the Tillerman | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1970 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Folkrock, softrock | |
Lengd | 3:41 | |
Selskap | ||
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens | |
Produsent | Paul Samwell-Smith | |
Cat Stevens-kronologi | ||
«Lady D'Arbanville» (1970) |
Father and Son | «Wild World» (1970)
|
«Father and Son» er ein song skriven og framført av den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens (no kjend som Yusuf/Cat Stevens) i 1970 på albumet hans Tea for the Tillerman. Songen rammar inn ei hjarteskjerande utveksling mellom ein far som ikkje forstår ønsket til sonen om å bryta opp og forma eit nytt liv, og sonen som ikkje heilt kan forklara seg, men veit at det er på tide for han å søkja sin eigen lagnad.
Stevens syng i eit djupare register for replikkane til faren, medan han bruker eit høgare for sonen sine. Gitaristen og venen til Stevens Alun Davies syng i tillegg korvokal, som byrjar midt i songen.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Cat Stevens skreiv opphavleg «Father and Son» som ein del av eit foreslått musikalsk prosjekt med Nigel Hawthorne i hovudrolla, kalla Revolussia, som gjekk føre seg under Den russiske revolusjonen, og kunne òg ha vorte ein film. Songen handla om ein gut som ønskte å bli med i revolusjonen mot sin konservative far, som bonde. Det musikalske prosjektet forsvann då Stevens fekk tuberkulose i 1969. Han var døden nær då han vart innlagd på King Edward VII Hospital i Midhurst i West Sussex.[1] Etter ein årelang periode med rekonvalesens på sjukehuset og ei kollapsa lunge vart prosjektet skrinlagt, men «Father and Son» fortsette, no i ein breiare kontekst som ikkje berre reflekterte samfunnskonflikten på Stevens si tid, men òg fanga opp impulsar frå eldre og yngre generasjonar generelt.
«Father and Son» fekk stor speletid på progressiv rock- og albumorientert rock-radio, og spelte ei nøkkelrolle i å etablera Stevens som ei ny stemme verdig merksemd. I 1970 vart han berre sett som B-sida til singelen «Moon Shadow» (Island Records).
I eit intervju like etter utgivinga av «Father and Son» vart Stevens spurt om songen var sjølvbiografisk. Som svar til intervjuaren frå Disc, sa han: «Eg har eigentleg aldri forstått far min, men han lét meg alltid gjera kva eg ville - han lét meg gå. 'Father and Son' er for dei menneska som ikkje kan kome seg laus.»[1]
Til Rolling Stone har Stevens sagt at han er klar over at «Father and Son» og fleire andre songar betyr mykje for mange fans.
«Nokre menneske trur at eg tok sonen si side», forklarte komponisten. «Men korleis kunne eg ha sunge faren si side viss eg ikkje kunne ha forstått det òg? Eg lytta til den songen nyleg, og eg høyrde ei linje og innsåg at det var min fars fars fars fars fars fars fars far som snakka.»[2]
I 2007 spelte Stevens (då kjent som Yusuf Islam) inn songen igjen i «Yusuf's Cafe Sessions» frå 2007 på DVD, igjen med Alun Davies, og eit lite band som spelte akustiske instrument. Framsyninga vart presentert i ein video med to nære kamerabilete av kona og dotter hans, som held dei vesle barnebarna hans.
I 2020 gav Stevens ut ein nyinnspelt versjon av «Father and Son». Denne versjonen, som kom ut på Tea for the Tillerman 2, inneheld originalinnspelinga av vokalen til Stevens (i ein alder av 22 år) saman med den noverande stemma til Stevens (72 år). Den animerte musikkvideoen til «Father and Son» hyller òg originalutgivinga ved å visa videoklipp frå musikkvideoen frå 1970 som vart gitt ut 50 år tidlegare.[3][4]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1971) | Plassering |
---|---|
Nederland (Mega Single Top 100)[5] | 23 |
Liste (2014) | Plassering |
---|---|
Italia (FIMI)[6] | 12 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Italia (FIMI)[7] | Platina | 50 000* |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
Sandie Shaw-versjon
[endre | endre wikiteksten]Father and Son Singel av Sandie Shaw | ||
B-side |
Pity the Ship Is Sinking | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | Pop | |
Selskap | Pye | |
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens | |
Produsent |
| |
Sandie Shaw-kronologi | ||
«Where Did They Go» (1972) |
Father and Son | «One More Night» (1977)
|
Ein versjon av songen vart gitt ut i 1972 sungen av Sandie Shaw. Det vart hennar tjueniande og siste singel på plateselskapet Pye Records, som hadde gitt henne ei rekkje suksessfulle hittar i 1960-åra, noko som gjorde henne til den mest suksessrike britiske kvinnelege songaren i det tiåret.
Andre innspelingar
[endre | endre wikiteksten]På albumet Junkie and the Juicehead Minus Me frå 1974 gav Johnny Cash ut ein litt endra versjon av songen med stedotter si, Rosie Nix Adams, med tittelen «Father and Daughter», med ny tekst.
Den irske skodespelaren Colm Wilkinson gav ut ein CD, Some of My Best Friends Are Songs på EMI Records med ein cover av «Father and Son» framført som ein duett saman med sonen Aaron.[8]
I 1995 spelte Francis Dunnery inn songen på albumet Tal Blonde Helicopter.
I 2001 gav pønkbandet Me First and the Gimme Gimmes ut versjonen sin på ein 7" singel med tittelen Stevens.
Det indonesiske heavy metal-bandet Power Slaves spelte inn songen for det sjølvtitulerte albumet sitt i 2001.
I 2003 tok Johnny Cash opp igjen den originale songen med Fiona Apple som akkompagnatør under son-versa på plate 3 av Unearthed.
Ein versjon av Leigh Nash vart gitt ut i 2004 på Everwood-albumet.
I 2006 inkluderte Rod Stewart versjonen sin av «Father and Son» på sitt «rock standards»-album Still the Same... Great Rock Classics of our Time.
I 2007 spelte The Enemy inn songen til albumet Radio 1 Established 1967.
I 2008 og 2009 spelte skodespelarane i serien Casi Ángeles songen i serien og konsertane sine.
I 2010 inkluderte Rocky Votolato ein iTunes-eksklusiv cover av songen på «True Devotion».
I 2010 inkluderte Zac Brown Band «Father And Son» som bonusspor på «You Get What You Give».
Ein Elizabeth Gillies versjon av songen vart gitt ut i 2012
Flaming Lips-søksmålet
[endre | endre wikiteksten]Det amerikanske rockebandet The Flaming Lips gav ut ein song med tittelen «Fight Test» på albumet Yoshimi Battles the Pink Robots frå 2002. «Fait Test» var grunn til å tru å vera så musikalsk lik «Father and Son» at det resulterte i eit søksmål. Sony/ATV musikkforlag, som representerer Yusuf Islam, og EMI musikkforlag, som representerte Flaming Lips, vart samde om å dela honorara for «Fight Test» likt mellom dei to partane etter eit relativt ukontroversielt forlik.[9] The Flaming Lips-frontmannen Wayne Coyne hevdar at han ikkje var klar over likskapane før produsent Dave Fridmann påpeika dei.
I eit intervju med The Guardian uttalte Coyne: «Eg vil for første gong gå offentleg ut og seia at eg verkeleg ber om unnskyldning for heile greia. Eg elskar verkeleg Cat Stevens. Eg respekterer han verkeleg som ein stor låtskrivar. Og no vil han ha pengane sine. Det var ei tid under innspelinga då me sa, dette har ein likskap med «Father And Son». Så endra me medvite dei bitane. Men eg angrar på at eg ikkje kontakta plateselskapet hans og spurde om deira meining. Kanskje me kunne ha gjort 50-50. Som det er no, får Cat Stevens 75 prosent av honorara frå «Fight Test». Me kunne lett ha endra melodien, men det gjorde me ikkje. Eg er veldig lei meg for at Cat Stevens trur at eg medvite plagierer arbeidet hans. Eg skammar meg. Det er openbert ei fin linje mellom å bli inspirert og å stela. Men viss nokon ønskte å låna ein del av ein Flaming Lips-song, trur eg ikkje eg ville gidde å forfølgja det. Eg har betre ting å gjera. Uansett, Cat Stevens kjem aldri til å tena mykje pengar på oss.»[10]}}
Boyzone-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Father and Son Singel av Boyzone frå albumet Said and Done | ||
B-side |
Should Be Missing You Now | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. november 1995[11] | |
Sjanger | folkrock | |
Lengd | 2:50 | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens | |
Produsent | Ray Hedges | |
Boyzone-kronologi | ||
«So Good» (1995) |
Father and Son | «Coming Home Now» (1996)
|
Det irske boybandet Boyzone gav ut ein coverversjon av «Father and Son» i 1995. I november nådde den andreplassen på UK Singles Chart og førsteplass på Irish Singles Chart. Versjonen selde til platina hos British Phonographic Industry og vart den 13. mest selde singelen i 1995 i Storbritannia. I Irland vart det deira fjerde nummer éin-single på rad, og han fekk internasjonal suksess med ein topp som nummer to i Australia, nummer 11 i Frankrike og nummer 15 i Tyskland.
Kritisk mottaking
[endre | endre wikiteksten]Det britiske magasinet Music Week gav «Father and Son» fem av fem, og kåra han til vekas singel. Dei la til: «Songen som fekk publikum til å halda tårene tilbake under den siste turneen er Boyzone sin julesingel. Det er ei emosjonell attgjeving av Cat Stevens-songen - og kjem til å bli massiv.»[12]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]UK CD1[13]
- «Father and Son» (radio edit) – 2:46
- «Should Be Missing You Now» – 3:20
- «Father and Son» (live)
UK CD2[14]
- «Father and Son» (radio edit) – 2:46
- «Should Be Missing You Now» – 3:20
- «Should Be Missing You Now» (The Other Mix) – 4:40
- «Father and Son» (the album version) – 2:50
UK kassettsingel[15]
- «Father and Son» (radio edit) – 2:46
- «Should Be Missing You Now» – 3:20
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[34] | Gull | 35 000^ |
Storbritannia (BPI)[11] | Platina | 600 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Ronan Keating-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Father and Son Singel av Ronan Keating med Yusuf Islam frå albumet 10 Years of Hits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. desember 2004[42] | |
Sjanger | folkrock | |
Lengd | 3:23 | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens | |
---|---|---|
Produsent | Steve Mac | |
Ronan Keating-kronologi | ||
«I Hope You Dance» (2004) |
Father and Son | «Baby Can I Hold You» (2005) |
Yusuf Islam-kronologi | ||
«Peace Train» (2003) |
Father and Son | «Indian Ocean» (2005)
|
«Father and Son» vart spelt inn av Boyzone-frontmannen Ronan Keating og gitt ut som den andre av tre singlar frå samlealbumet hans, 10 Years of Hits (2004). Songen har gjestevokal frå Yusuf Islam (Cat Stevens). Songen nådde ein andreplass på UK Singles Chart, og vart den 11. topp 10-singelen til Keating. Keating donerte overskotet frå singelen til Band Aid Trust. «Father and Son» var songen som Keating song då han først prøvespelte for Boyzone.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]UK CD1[43]
- «Father and Son» – 3:21
- «When You Say Nothing at All» (Spanish duet med Paulina Rubio) – 4:20
UK CD2[44]
- «Father and Son» – 3:21
- «Father and Son» (Metrophonic Mix) – 3:57
- «I Hope You Dance» (video CD-ROM)
- «Father and Son» (video CD-ROM)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[58] | Gull | 400 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
I populærkulturen
[endre | endre wikiteksten]I 2001 ønskte produsentane av filmen Moulin Rouge å bruka «Father and Son» under opningsscena, men Stevens, som hadde konvertert til islam, nekta av religiøse grunnar på grunn av filmen sin noko vågale natur.
Den originale innspeling til Stevens er med i sluttscena i filmen Guardians of the Galaxy Vol. 2 frå 2017.[59] Peter Quill lyttar til songen under gravferda til Yondu, hans surrogatfar. Songen er òg med i filmen The Boat that Rocked frå 2009.[60]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Father and Son» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Disc 1972 Tea for the Tillerman». Majicat.com. Henta 11. april 2023.
- ↑ Gambaccini, Paul (13. september 1973). «En lykkeligere Cat Stevens forklarer 'Foreigner' og andre mysterier». Rolling Stone (143). Henta 11. april 2023.
- ↑ «Father & Son: A Duet 50 Years in the Making». Yusuf / Cat Stevens (på engelsk). Henta 11. april 2023.
- ↑ Martoccio, Angie (10. september 2020). «Yusuf/Cat Stevens Duets with His Younger Self in 'Father and Son' Video». Rolling Stone (på engelsk). Henta 11. april 2023.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Cat Stevens – Father and Son" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «Top Digital Download - Classifica settimanale WK 8 (dal 17-02-2014 al 23-02-2014» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 21. juni 2008. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Italian single salstrofé – Cat Stevens – Father and Son» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Cat Stevens in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «Biografi». Colm Wilkinson. Henta 11. april 2023.
- ↑ «YUSUF Islam». YUSUF Islam. Arkivert frå originalen 10. mai 2012. Henta 11. april 2023.
- ↑ Raphael, Amy (29. juni 2003). «Straight from the Lip». Guardian.co.uk (London: The Guardian). Henta 11. april 2023.
- ↑ 11,0 11,1 «British single salstrofé – Boyzone – Father and Son». British Phonographic Industry. Enter Father and Son in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «Reviews: Singles – Single of the Week» (PDF). Music Week: 32. 4. november 1995. Henta 15. mai 2021.
- ↑ Father and Son (UK CD1 liner notes). Boyzone. Polydor Records. 1995. 577576-2.
- ↑ Father and Son (UK CD2 liner notes). Boyzone. Polydor Records. 1995. 577574-2.
- ↑ Father and Son (UK kassett single sleeve). Boyzone. Polydor Records. 1995. 577574-4.
- ↑ "Australian-charts.com – Boyzone – Father and Son". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Boyzone – Father and Son – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – Boyzone – Father and Son" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Ultratop.be – Boyzone – Father and Son" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 13 (2): 11. 13. januar 1996. Henta 11. april 2023.
- ↑ "Lescharts.com – Boyzone – Father and Son" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ «Íslenski Listinn Topp 40 (27.1. – 2.2. '96)». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 27. januar 1996. s. 38. Henta 11. april 2023.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Father and Son". Irish Singles Chart.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Boyzone search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Boyzone – Father and Son" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Charts.org.nz – Boyzone – Father and Son". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Boyzone – Father and Son". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
- ↑ "Swedishcharts.com – Boyzone – Father and Son". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
- ↑ «Top 100 Singles 1995». Music Week: 9. 13. januar 1996.
- ↑ 34,0 34,1 «ARIA Top 100 Singles for 1996». ARIA. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Year End Sales Charts – Eurochart Hot 100 Singles 1996» (PDF). Music & Media 13 (51/52): 12. 21. desember 1996. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Tops de L'année | Top Singles 1996» (på fransk). SNEP. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Top 100 Single–Jahrescharts 1996» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 7. august 2015.
- ↑ «Árslistinn 1996». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 2. januar 1997. s. 16. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Top 100–Jaaroverzicht van 1996». Nederlandsk Topp 40. Henta 28. februar 2020.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1996» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 28. februar 2020.
- ↑ «Top 100 Singles 1996». Music Week: 25. 18. januar 1997.
- ↑ «Key Releases: Singles». Music Week: 19. 11. desember 2004.
- ↑ Father and Son (UK CD1 liner notes). Ronan Keating. Polydor Records. 2004. 9869667.
- ↑ Father and Son (UK CD2 liner notes). Ronan Keating. Polydor Records. 2004. 9869406.
- ↑ "Ronan Keating feat. Yusuf – Father and Son – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – Ronan Keating feat. Yusuf – Father and Son" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «Hits of the World – Eurocharts» (PDF). Billboard 117 (2): 43. 8. januar 2005. Henta 11. april 2023. See last week column.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Father and Son". Irish Singles Chart.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Ronan Keating feat. Yusuf – Father and Son" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Ronan Keating feat. Yusuf – Father and Son". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ «Arhiva romanian top 100 – Editia 4, saptamina 31.01 – 6.02, 2005» (på rumensk). Romanian Top 100. Arkivert frå originalen 23. februar 2005. Henta 11. april 2023.
- ↑ "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
- ↑ "Swedishcharts.com – Ronan Keating feat. Yusuf – Father and Son". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Ronan Keating feat. Yusuf – Father and Son – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «The Official UK Singles Chart 2004» (PDF). UKChartsPlus. Henta 11. april 2023.
- ↑ «British single salstrofé – Ronan Keating ft Yusuf – Father and Son». British Phonographic Industry. Enter Father and Son in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ Shepard, Jack (19. april 2017). «Sporliste for Guardians of the Galaxy's Awesome Mixtape Vol. 2 avslørt». The Independent. Henta 11. april 2023.
- ↑ «Pirate Radio (2009) - Soundtracks - IMDb». IMDb. Henta 11. april 2023.
- Songar frå 1970
- Singlar frå 1972
- Cat Stevens-songar
- Singlar frå 1995
- Singlar frå 2004
- A&M Records-singlar
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Island Records-singlar
- Polydor Records-singlar
- Popballadar
- Pye Records-singlar
- Johnny Cash-songar
- Boyzone-songar
- Fiona Apple-songar
- Rod Stewart-songar
- Ronan Keating-songar
- Sandie Shaw-songar
- Songar produserte av Paul Samwell-Smith
- Songar produserte av Ray Hedges
- Songar om fedre
- Songar skrivne av Cat Stevens
- Balladar frå 1970-åra
- Richie Havens-songar
- Me First and The Gimme Gimmes-songar