Edikt
Utsjånad
Edikt kjem av latinsk edictum som tyder offentleg kunngjering. Romerske embetsmenn hadde rett til å offentleggjere dei retningslinjer og reglar som dei ønskte å legge til grunn for utøvinga av embetet sitt. Særleg viktig var edikta til pretorane, som var kunngjeringa om kva reglar han ville følgje som leiar for rettsvesenet i embetsåret sitt. Det vart gjort kjend på førehand ved opplesing og oppslag. Pretor kunne som domar ikkje berre gjere bruk av gjeldande rett, han hadde òg makt til å «hjelpe, supplere og korrigere» denne, og øvde på den måten stor innverknad på utviklinga av den romerske privatretten.
I nyare historie vart òg somme forordningar av meir alminneleg innhald kalla edikt, som det evige ediktet eller ediktet i Nantes.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edikt» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2012.
- edikt. (2012-01-21) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/edikt