Hopp til innhald

Earth Hour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metallstrukturen i drivhusa i Curitiba Botanisk Hage i Curitiba, Sør-Brasil, med lysa av den 27. mars 2010.

Earth Hour er ein kampanje for å sette søkelyset på klimaendringane. Privatpersonar, foretak, offentlege myndigheiter og organisasjonar vert bedne om å sløkkje lyset ein time. Earth hour vart starta i 2007. Då som ein lokal aksjon i Australia.

I 2008 var 50 millionar menneske og over 19 000 verksemder i 370 byar og 35 land med på lyssløkkinga. I Noreg var Trondheim med.

I 2009 er timen laurdag den 28. mars frå kl 20:30 til kl 21:30. Noreg var då offisielt med for første gong, og har vore med kvart år sidan.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]