Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark
Utsjånad
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag | ||
Kommunar | Tynset, Folldal, Dovre, Lesja, Sunndal, Rauma, Nesset, Oppdal | ||
Høgaste punkt | Snøhetta | ||
• høgd | 2 286 moh. | ||
Areal | 1 693 km² | ||
Oppretta | 3. mai 2002 | ||
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark 62°23′48″N 9°10′23″E / 62.396666666667°N 9.1730555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Dovrefjell-Sunndalsfjella National Park |
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark er ein nasjonalpark i hjarta av Fjell-Noreg. Dovrefjell har vore eit nasjonalt symbol sidan grunnlovsfedrane på Eidsvoll i 1814 gav eiden Enige og tro til Dovre faller. Nasjonalparken vart oppretta i 2002 og omfattar areal i Sunndal, Nesset, Oppdal, Lesja og Dovre kommunar i Møre og Romsdal, Trøndelag og Innlandet fylke.
Vern og bruk av parken
[endre | endre wikiteksten]Vernet av Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark har til føremål å ta vare på
- eit i det vesentlege urørt fjellområde,
- eit høgfjellsøkosystem med det naturlege biologiske mangfaldet,
- ein viktig del av leveområdet til villreinen i Snøhetta og Knutshø.
Folk skal ha høve til naturoppleving gjennom tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- DNT-turplanleggar Arkivert 2006-12-30 ved Wayback Machine.