Diskusjon:Arid
Utsjånad
Ørkenklima?
[endre wikiteksten]Kva er eigentleg skilnaden på denne artikkelen og ørkenklima (som heiter arid climate på engelsk)? Burde ein ikkje flette dei to artiklane? Wikidata-elementet som er tilknytta denne artikkelen har ingen andre interwikilenkjer, og det er eit lite raudt flagg for meg når temaet er noko so pass internasjonalt som klima. Jon Harald Søby (diskusjon) 20. januar 2023 kl. 11:24 (CET)
- Trur i så fall det er best å fletta med tørt klima. Arid er vel eit adjektiv, så det kan passa å gå vekk frå dette. --Ranveig (diskusjon) 20. januar 2023 kl. 12:24 (CET)
- Eg har no lagt inn det viktigaste i tørt klima og omdirigert dit. Etterpå kom eg over den engelske artikkelen Arid. Det er vanskeleg å slå fast om det trengst ein eigen artikkel om dette omgrepet eller ikkje. Ranveig (diskusjon) 22. januar 2023 kl. 11:51 (CET)
Copyvio
[endre wikiteksten]Ved nærare ettersyn ser det ut som om denne artikkelen er omtrent ei rein avskriving av SNL sin artikkel (som ifylgje historikken deira er eldre enn denne artikkelen), berre omsett til nynorsk – så kanskje heile artikkelen burde bli sletta? Jon Harald Søby (diskusjon) 20. januar 2023 kl. 11:29 (CET)
- Eg trur at alt innhald på SNL merka som fritt då denne artikkelen blei skriven. Eg har vore litt usikker på kva statusen eigentleg er i slike tilfelle. Men her er det kanskje best å skriva kraftig om det som er nyttig, og fletta i veg. --Ranveig (diskusjon) 20. januar 2023 kl. 12:24 (CET)