Hopp til innhald

Dirk Kuijt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dirk Kuijt
Personleg informasjon
Kallenamn Mr. Duracell
Fødd 22. juli 1980
Fødestad Katwijk aan Zee i Nederland
Høgd 184 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Liverpool
Nummer 18
Ungdomsklubbar
1985-1998 Nederland Quick Boys
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2003
2003-06
2006-
Nederland Utrecht
Nederland Feyenoord
Liverpool
160 (51)
101 (71)
134 (36)
Landslag
2004- Nederland Nederland 60 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Dirk Kuijt, eller Dirk Kuyt (fødd 22. juli 1980 i Katwijk aan Zee i Zuid-Holland) er ein nederlandsk fotballspelar. Han har spela i angrep for Liverpool i engelsk Premier League, og for det nederlandske landslaget.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Kuijt begynte proffkarrieren sin hjå Utrecht i 1998, der han snøgt kom med på førstelaget. Han var i klubben i fem år. I den siste sesongen sin der, vann han den nederlandske cupen. Han gjekk til Feyenoord i 2003 for 1 million euro. Han vart klubbkaptein der i 2005, og var klubben sin toppskårar tre sesongar på rad. I 2004/05-sesongen vart han toppskårar i den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, og i 2005/06 vart han kåra til årets spelar i Nederland. Han gjekk berre glipp av fem kampar på sju sesongar frå 1999 til 2006, og spelte 179 kampar på rad frå 2001 til 2006. Etter tre år i Feyenoord gjekk han til Liverpool for 10 millionar pund i 2006. Han kom raskt med på førstelaget der, og vart Liverpool sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 12 seriemål. Han skåra for Liverpool i finalen i Meisterligaen i 2007, der Liverpool tapte 2-1 for Milan.

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Marco van Basten tok over som landslagssjef i 2004 gjennomførte han eit generasjonsskifte på laget, som kom Kuijt til gode. I september 2004 debuterte han for A-landslaget i van Basten sin første kamp som sjef, mot Liechtenstein. Han har vore fast på landslaget sidan då, og spelte i 12 av VM-kvalifiseringskampane før fotball-VM i 2006.

Under sjølve VM starta Kuijt på benken, men kom inn som innbytar etter 69 minutt i den første kampen, mot Serbia og Montenegro, og spelte ikkje i den andre kampen. Då Nederland allereie var kvalifisert til åttandedelsfinalen, fekk han spela den tredje kampen, mot Argentina, frå start på høgrevingen. Han fekk òg spela i åttandedelsfinalen, der Nederland vart slått av Portugal.

Under fotball-EM i 2008 vart Kuijt brukt som høgreving. Han skåra eitt mål mot Frankrike i gruppespelet. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 skåra Kuijt tre mål.

Kuijt er gift og har ei dotter og to søner. Han har oppretta stiftinga Dirk Kuyt Foundation, som støttar sports- og utviklingsprosjekt.

Denne artikkelen starta med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 20. april 2010.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]